Fengselsundervisning

Ølen vgs har ansvar for utdanning av innsette i Sandeid fengsel.

Illustrasjonsbilde Sandeid Fengsel - Klikk for stort bileteSandeid Fengsel

 

Fengselet har 88 soningsplassar for mannlege innsette, og soningstida varerier frå nokon dagar til fleire år. Innsette har same rettar til utdanning som dei ville hatt om dei var fri, og tilbodet er basert på at det skal gis differensierte tilbod som er tilpassa kvar einskild elev.

Skulen i fengselet har ein fast stab av tilsette frå Ølen vgs. Alle fellesfaga til generell studiekompetanse er dekka, i tillegg til fagkompetanse på ein del yrkesfag. Skulen har tett samarbeid med verksdrifta i fengselet, som bidrar med praksisopplæringa. I fag som ikkje blir dekka av fast tilsette, blir det leigd inn kompetanse utanfrå.

Skulen har eigen rådgjevar, og alle får tilbod om karriererettleiing. Ved behov kan ein kartleggje for vidare avklaring, og ein samarbeider med Nav og andre eksterne aktørar. Når utdanningsmål er fastsett, blir det laga ein konkret plan for gjennomføring, som skal kunne halde fram etter soning.

Utdanning av rettselevar, det vil seie dei med rett til grunnskule, ungdomsskule eller vaksenrett skal prioriterast. Det blir og lagt til rette for høgskule- eller universitetsutdanning, eventuelt andre relevante studiar. I tillegg blir det i nokon grad heldt korte kompetansegivande kurs og ein kan få moglegheit til å ta eller fornye sveisesertifikat, teoriprøve for førarkort og andre rehabiliterande tiltak.