Teknologi- og industrifag

Har du praktisk sans og godt handlag? Er du interessert i å arbeide med teknologisk utstyr? Dette utdanningsprogrammet er vegen til ei rekkje spennande yrker. 

Kvifor velje Teknologi- og industrifag?

Du lærer 

  • om produksjonsplanlegging og produksjonsprosessar
  • om automatisering og programmering av robotar
  • om maskiner og produksjonsutstyr
  • om køyretøy og transport
  • om kjemiske prosessar og kjemiteknikk
  • om helse, miljø og tryggleik

 Du bør

  • ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt handlag
  • vere sjølvstendig og nøyaktig
  • vere interessert i ny teknologi

Les meir om Teknologi- og industrifag på vilbli.no

Kvifor velje Ølen?

Opplæring med bruksverdi!

  • På Ølen vidaregåande skule har me et godt læringsmiljø
  • Me samarbeidar nært med lokalt næringsliv
  • Du kan kombinere yrkesfag med faget breiddeidrett på VG1 og VG2
  • Me har nye undervisningslokaler

Me tilbyr:

 

  • VG1 Teknologi- og industrifag
  • VG2 Arbeidsmaskinar
  • VG2 Industriteknologi

 

  

Søkje skuleplass

Første året - Vg1 

Utdanninga til dei fleste yrka tar normalt fire år. Du går dei to første åra på skule. Etterpå er det to år opplæring i bedrift som lærling. Du har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg slik at du får studiekompetanse.

Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har 12 timar i fellesfaga og 23 timar i programfaga.

Andre året - Vg2

Du fortsett opplæringa innan utdanningsprogrammet du valde på Vg1. På Vg2 vel du retning, og du kan velje mellom dei programområda som finst på utdanningsprogrammet du har valt. 

Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har ni timar i fellesfaga og 26 timar i programfaga.

Tredje året - Vg3

Du blir normalt læring og forsett opplæringa i ei godkjend lærebedrift. Læretida er to år, og når du er ferdig med læretida kan ta fag- og svennebrev

Bli lærling

Du har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg for å få studiekompetanse. Dette kan du gjere etter at du har tatt fag- og svennebrev eller etter Vg2.

Vegen vidare

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller svennebrev). Du kan gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning etter at du har fullført yrkesfagleg opplæring.