Påbygging til generell studiekompetanseØnskjer du å studere vidare etter yrkesfagleg utdanning? Påbygging til generell studiekompetanse gjer det muleg for deg å søkje opptak til dei fleste studiar ved universitet og høgskular. Du kan søkje om Påbygging til generell studiekompetanse etter at du har fullført og bestått to år på yrkesfag. Det er òg muleg å søkje om å ta påbygging etter at du har tatt fagbrev. Dette er eit utdanningsløp med færre timar og fag enn ordinær påbygging. Påbygging til generell studiekompetanse er eit teoretisk skuleår og sett krav til eigeninnsats. Det betyr at du bør ha evne og lyst til å arbeide med teoretiske fag. Kvifor velje Ølen? Det breiaste grunnlaget for vidare studium På Ølen vidaregåande skule har me engasjerte og dyktige lærarar Me tilbyr: VG3 Påbygg 30 VG3 Påbygg 23 for dei som har fagbrev. Påbygging til generell studiekompetanse - Vg3 påbygg Du kan søkje påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram. Det er òg muleg å søkje om å ta påbygging etter at du har tatt fagbrev. Dette er eit utdanningsløp med færre timar og fag enn ordinær påbygging Det betyr at du fortsett opplæringa for å få generell studiekompetanse. Påbygging til generell studiekompetanse - vg3 påbygg 30 timarDette er eit påbyggingsår for elevar som har fullført og bestått to år på yrkesfag. Fag- og timefordeling Fag- og timefordeling påbygging til generell studiekompetanse - Vg3 påbygg 30FagTimar per årNorsk281Matematikk 2P-Y140Historie140Naturfag84Kroppsøving 56Sum fellesfag701Programfag for studiespesialisering140Timetall total841 Påbygging til generell studiekompetanse - vg3 påbygg 23 timarDette er eit påbyggingsår for elevar som har tatt fagbrev Fag- og timefordeling Fag- og timefordeling påbygging til generell studiekompetanse - Vg3 påbygg 23FagTimar per årNorsk281Matematikk 2P-Y140Historie140Naturfag84Timetal totalt645 Du må søkje om å gå påbygging til generell studiekompetanse, og du søkjer i Vigo. Søknadsfrist 1. mars for ordinær søknad 1. februar for særskilt søknad Søknadsfristen er den same som for videregåande opplæring. Sist endra 25.01.2022 09.09