Studiespesialisering

Ønskjer du å studere på høgskule eller universitet? Då er studiespesialisering for deg. Du kan velje mellom realfag og språk, samfunnsfag og økonomi. 

Kvifor velje studiespesialisering? 

Du lærer

Avhengig av fagvalga dine:

  • matematikk og andre realfag
  • leiing og økonomi
  • historie, politikk og psykologi
  • språk
  • andre teoretiske fag

Du bør vere

  • interessert i å arbeide med teoretiske fag
  • samarbeidsvillig, strukturert og sjølvdisiplinert
  • interessert i å skrive eller rekne
  • interessert i kultur- og samfunnsforhold

Les meir om studiespesialisering på vilbli.no

Kvifor velje Ølen?

Det breiaste grunnlaget for vidare studium

  • På Ølen vidaregåande skule har me engasjerte og dyktige lærarar
  • Faget breiddeidrett kan du velje på alle tre nivå på studiespesialiserande på Ølen vgs
  • Du som startar på VG1 Studiespesialisering kan velje Teknologi og Forskningslære 1 . Her får du moglegheit til å utforske realfag i praksis

 Meir om Breiddeidrett

Meir om Teknologi og Forskningslære 1

 

Me tilbyr:

  • VG1 Studiespesialisering
  • VG2 Realfag
  • VG2 Språk, samfunnsfag og økonomi
  • VG3 Realfag
  • VG3 Språk, samfunnsfag og økonomi

Realfag

Språk, samfunnsfag og økonomi

Tre jenter - Klikk for stort bilde  

Søkje skuleplass

Første året - Vg1  

Du går på skulen i tre år, og du må ha både fellesfag og programfag i løpet av dei tre åra. På Vg1 er alle faga fellesfag, men du vel kva for eit framandspråk og kva for ein type matematikk du vil ha. Det er 30 timar undervisning i veka i ulike fag.

Vg1

Andre året - Vg2

På Vg2 har du færre fellesfag. I tillegg til fellesfaga, velg du tre ulike programfag kor minst to må vere innafor ditt programfagsområde. Du kan velje mellom realfag og språk, samfunnsfag og økonomi.

Du har 15 timar fellesfag og 15 timar programfag frå programområdet du har valt per veke. På Vg2 må du ha minimum 30 timar for å få godkjend vitnemål.

Vg2

Tredje året - Vg3

På Vg3 fortsett du med to av programfaga du valde som fordjupning på Vg2. I tillegg står du fritt til å velje eit tredje programfag. 
Du har totalt 30 timar undervisning per veke, 15 timar fellesfag og 15 timar programfag.

Vg3

Vegen vidare

Du får studiekompetanse og kan ta høgare utdanning. Det betyr at du kan søkje dei fleste studier ved høgskular og universitet. 

Husk at nokre studier kan ha spesielle opptakskrav. Dette bør du sjekke, før du vel fag.  

Du finn søknadsfristar og - krav på samordnaopptak.no 

Til toppen