Hovudvekta på aktivitet
I dette faget legg me hovudvekta på aktivitet, og saman med kroppsøvingsfaget får du 7 timar i veka med idrettsfag.
Ved å velje breiddeidrett får du variasjon i kvardagen, du får nesten daglege dosar med fysisk aktivitet på skulen- som gir både overskot og energi til å takle resten av skulekvardagen!
Kombiner
Studiespesialisering gir det breiaste grunnlaget for vidare studier ved høgskular og universitet. Kombiner studieførebuinga di med breiddeidrettstilbod av mange slag- rafting i frådande stryk, fjellturar både haust og vinter, og ikkje minst det nesten daglege fysiske avbrekket i idrettshallen- eller ute!
På VG1, VG2 og VG3 nivå kan du velje faget som eitt av dei valfrie programfaga, og framleis ha 30 timars veke, eller du kan velje faget på toppen av andre programfag. Det går td. godt an å både skaffe seg spesiell studiekompetanse samstundes som du har breiddeidrett!
Idrettsaktivitetar:
Mål for opplæringa er at elevane skal kunne
- demonstrere ferdigheiter i minst ein lagidrett og ein individuell idrettsaktivitet;
- nytte reglar og normer innanfor dei valde idrettane. Gjennomføre ulike leikaktivitetar;
- gjennomføre rytmiske aktivitetar til musikk. Vise evne til forpliktande samarbeid og fair play
Basistrening:
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjennomføre trening av fysiske, psykiske og koordinerande eigenskapar;
- planlegge, gjennomføre og vurdere basistreningsøkter
Fysisk aktivitet og helse:
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjennomføre helsefremjande trening og trening som kan førebyggje skade
- forklare korleis ulike treningsformer påverkar hjarte-kar system og muskel- og skjelet system