Bygg- og anleggsteknikkDette utdanningsprogrammet passer for deg som ønskjer ei fagutdanning i eit av faga innafor Bygg- og anleggsteknikk. Det kan vere tømrar, murar, stillasarbeidar, betongarbeidar, røyrleggjar, malar, feiar eller blikkenslagar. Kvifor velje Bygg- og anleggsteknikk? Du lærer produksjon og oppføring av nye bygningar og anlegg ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg om klima og teknologi om bruk av teikningar, skildringar og utrekningar om kvalitet og tryggleik materialkunnskap Du bør vere praktisk og ha godt handlag sjølvstendig og nøyaktig god til å samarbeide Les meir om Bygg- og anleggsteknikk på vilbli.no Kvifor velje Ølen? Spanande utdanning for deg med godt handlag og ein praktisk tankegang På Ølen vidaregåande har me engasjerte og dyktige lærarar, som gir elevane ei opplæring og ein arbeidsmoral som arbeidslivet set pris på Me har tett samarbeid med næringa rundt oss Me har nye undervisningslokaler Du kan kombinere yrkesfag med faget breiddeidrett på VG1 og VG2 Me tilbyr: VG1 Bygg- og anleggsteknikk VG2 Tømrar Søkje skuleplass Første året - Vg1 Utdanninga til dei fleste yrka tek normalt fire år. Du går dei to første åra på skule. Etterpå er det to år opplæring i bedrift som lærling. Du har òg moglegheita til å ta Vg3 påbygg slik at du får studiekompetanse. Du har 35 timar opplæring i veka både i fellesfag og programfag. Du har 12 timar i fellesfaga og 23 timar i programfaga. Fellesfag Bygg- og anleggsteknikk Vg1 Fag- og timefordeling, fellesfag Bygg- og anleggsteknikk Vg1 Fag- og timefordeling, fellesfag Bygg- og anleggsteknikk Vg1 Fellesfag Timar per år Naturfag 56 Matematikk 84* Engelsk 140 Kroppsøving 56 Totalt 336 * Du vel enten 1P-Y (praktisk) eller 1 T-Y (teoretisk) matematikk. Programfag Bygg- og anleggsteknikk Vg1 Fag- og timefordeling, programfag Bygg- og anleggsteknikk Vg1 Fag- og timefordeling, programfag Bygg- og anleggsteknikk Vg1 Programfag Timar per år Arbeidsmiljø og produksjon 140 Praktisk yrkesutøvelse 337 Yrkesfagleg fordjuping 168 Totalt 645 Du finn oversikt over kva for programfag du kan velje på vilbli-sida til skulen. Andre året - Vg2 Du fortsett opplæringa innan utdanningsprogrammet du valde på Vg1. På Vg2 vel du retning, og du kan velje mellom dei programområda som finst på de utdanningsprogammet du har valt. Du har 35 timar opplæring i veka både i fellesfag og programfag. Du har ni timar i fellesfaga og 26 timar i programfaga. Fellesfag, Tømrar Vg2 Fag- og timefordeling, fellesfag Tømrar Vg2 Fag- og timefordeling, fellesfag Tømrar Vg2 Fellesfag Timar per år Samfunnskunnskap 84 Norsk 112 Kroppsøving 56 Totalt 252 Programfag, Tømrar Vg2 Fag- og timefordeling, programfag Tømrar Vg2 Fag- og timefordeling, programfag Tømrar Vg2 Programfag Timar per år Konstruksjoner og klimaskall 197 Materialegenskaper, varmeisolering og tetting 140 Vinduer, dører og innvendig arbeid 140 Yrkesfagleg fordjuping 253 Totalt 730 Du kan velje mellom desse progamområda: Anleggsgartnar Anleggsteknikk Betong og mur Byggmontasje og stillasbygg Klima, energi og miljø Overflateteknikk Røyrleggjar Trearbeid Treteknikk Tømrar Du finn meir informasjon om tilbodet på vilbli-sida til skulen. Tredje året - Vg3 Du blir normalt læring og forsett opplæringa i ei godkjend lærebedrift. Læretida er to år, og du kan ta fag- og svennebrev når du er ferdig med læretida. Bli lærling Du har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg for å få studiekompetanse. Dette kan du gjere etter at du har tatt fag- og svennebrev eller etter Vg2. Vegen vidare Opplæringen fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller svennebrev). Når du har fullført kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning. Sist endra 25.01.2022 10.03