------- pause / ingen undervisning
Klokketime
Frå hausten 2020 blir kvar undervisningsøkt på ein klokketime, med pause mellom. Dette harmonerer med timetalet i læreplanane. Pedagogisk meiner me dette er ei betre organisering av skuledagen enn økter på 1:30 som me har hatt tidlegare.
Visma InSchool (VIS)
Timeplanen vil liggje i det nye VIS-systemet og vil endre seg frå veke til veke. Me kjem til å ha A- og B-veker for å få undervisningstimetalet til å gå best mogeleg opp gjennom skuleåret. Vidare vil alle aktivitetar som fagdagar, MOT-samlingar, kontaktlærartimar, utplasseringar, mm. liggje inne i timeplanen slik at me slepp å ha mange planar i tillegg til timeplanen.
Visma InSchool (VIS)
Planleggje fritidsaktivitetar
Alle elevar må vere budde på at skuledagen er til kl. 15.00 måndag, onsdag og torsdag, og til kl. 14.00 tysdag og fredag når ein planlegg fritidsaktivitetar.