Kvifor velje Idrettsfag?
Dette vil du lære
- utvikle deg i fleire idrettar (t.d. fotball, volleyball, badminton m.fl.)
- uthaldstrening og styrketrening
- korleis vere ein god trenar
- helse, sunt kosthald og kroppens oppbygging
- å klare deg på overnattingstur
Inntil halvparten av elevane på Vg1 kan takast inn på grunnlag av opptaksprøve eller dokumenterte ferdigheiter.
Tidlegare elevar seier at dei:
- treff folk med same interesser som deg
- har samansveisa klassar
- har god kontakt mellom elevar og lærarar
- kjem heim og er ferdig trena
- har uforgløymelege og kjekke turar
Les meir om Idrettsfag på vilbli.no
Idrettsglede - Vener og minne for livet - studiekompetanse!

- På Ølen vidaregåande skule har me spanande natur på alle kantar med fjell og fjord rett utanfor døra.
- I tillegg til trening og aktivitetar i nærmiljøet, vil det bli arrangert turar der du får andre utfordringar- td. ski/snowboard-køyring, mm.
- I programfaget veljer du breiddeidrett
Me tilbyr:
- VG1 Idrettsfag
- VG2 Idrettsfag
- VG3 Idrettsfag
Søkje læreplass
Første året - Vg1
Du går på skule i tre år, og du må ha både fellesfag og programfag i løpet av dei tre åra. På Vg1 vel du kva for eit framandspråk og kva type matematikk du ønskjer.
Det er 35 timar undervisning i veka og 23 timar er fellesfag og 12 timar er programfag. I programfaga er sju timar faste programfag, og fem timar er valfritt programfag. Kva for nokre programfag du kan velje, er avhengig av tilbodet på skulen.
Fag- og timefordeling, fellesfag idrettsfag Vg1
Fag- og timefordeling, programfag Idrettsfag Vg1
Du finn oversikt over kva for programfag du kan velje på vilbli-sida til skulen.
Andre året - Vg2
På Vg2 har du færre timar i fellesfaga og fleire timar i programfag enn på Vg1.
Det er 35 timar undervisning i veka, og 18 timar er fellesfag og 17 timar er programfag. I programfaga er 12 timar felles programfag, og fem timar er valfritt programfag.. Kva for nokre programfag du kan velje, er avhengig av tilbodet på skulen.
Fag- og timefordeling, fellesfag Idrettsfag Vg2
Fag- og timefordeling, programfag Idrettsfag Vg2
Du finn oversikt over kva for programfag du kan velje på vilbli-sida til skulen.
Tredje året - Vg3
På Vg3 har du færre timar i fellesfaga og fleire timar i progamfag enn på Vg2. .
Det er 35 timar undervisning i veka, og 13 timar er fellesfag og 22 timar er programfag. I programfaga er 12 timar felles programfag, og fem timar er valfritt programfag. Kva for nokre programfag du kan velje, er avhengig av tilbodet på skulen.
Fag- og timefordeling, fellesfag Idrettsfag Vg3
Fag- og timefordeling, programfag Idrettsfag Vg3
Vegen vidare
Du får studiekompetanse og kan ta høgare utdanning. Det betyr at du kan søkje dei fleste studier ved høgskular og universitet.
Hugs at nokre studiar kan ha spesielle opptakskrav. Dette bør du sjekke, før du vel fag.
Utdanningsprogrammet gir òg grunnlag for å ta på seg trenarjobbar innanfor idretts- og friluftsliv, spesielt innanfor barneidrett.
Du finn søknadsfristar og -krav på samordnaopptak.no