Rapport frå besøk frå Ukraina på Ølen vgs tysdag 20.oktober 2026

Same dag som den Ukrainske presidenten er i møter i Oslo for å få hjelp til å forhandle om fred og prøve å få slutt på krigen i Ukraina, har me på Ølen vgs det tradisjonsrike møtet med elevar og lærarar frå Korosten. Når me på Ølen vgs etter at krigen starta ikkje lengre drar til Ukraina for å treffe våre samarbeidspartnarar støttar me at nokre frå Ukraina kan reise til Noreg.

To lærarar, ein tolk og tre jenter (skulle vore fire- men ein far til den eine jenta hadde rømt frå familien og dermed fekk ho ikkje den underskrifta ho måtte ha for å komme ut av landet) frå Korosten kom på besøk til oss og fekk møte alle vg1 elevar i kantinesalen i to puljar. Vidar Akselsen, dagleg leiar i THK var og med som vanleg.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

I møte med elevane

Tobias Andersen frå vg1 elektro og eg tok imot gruppa når dei kom og dei fekk ein omvising på skulen og området rundt. Så hadde DK-gruppa med Tobias Andersen 1ELA, elevrådsleiar Fride Stenberg 3STB, Inger Marie Velde 2STB, Lena Nesheim Urdal 2HEA, lunsj med dei Ukrainske jentene, medan dei vaksne sat for seg saman med lærar Kristine Grønnestad som saman med Tobias skulle leie samlingane i Kantina.


Våre elevar hadde på førehand laga spørsmål dei ville stille til dei Ukrainske ungdomane, og Tobias i DK-gruppa på Ølen vgs var den som på ein framifrå måte gjekk gjennom desse. Sergeiy tolka og elevane svara utførleg.


Det var nokre av spørsmåla som var ganske direkte og det var tydeleg at det er ei særdeles vanskeleg tid og med store påkjenningar. Russarane har endra sin bombingstaktikk med frå tidlegare at dei sende masse dronar og rakettar samtidig inn i Ukraina til no at dei no sender ulike dronar heile tida, Alarmane går i eitt, og det medfører at dei må sitte i tronge bomberom nesten heile skuletida, Ingen elevar får gå heim aleine, men må bli henta av føresette før dei får forlate skulen.


Dei gamle «mopeddronane» (dei har same lyden som ein moped når dei kjem i lufta) kunne dei skyte ned med maskingevær, men med dei nye jetdronane klarar dei ikkje det når desse har ein hastigheit på 5-600km/t. Det einaste dei høyrer er jetlyden og det tar berre sekund før det smell. Det er ingen tid til å gøyme seg.

Ikkje alle stader har dei bomberom, men då er prinsippet deira å ta med madrassar og gøyme seg bakom «to-veggar» med håp om at den første veggen skal ta av for ein eksplosjon slik at dei kan overleve bak den neste. I skuletida sit alle elevane med mobilane framme og dei har fleire appar som varslar dersom dronar kjem frå Russland. Alarmane går heile tida no. Då er det berre å skunde seg i dekning.


Eit av måla med møtet er å gje våre elevar kunnskap om kvifor me sidan 2003 har hatt eit humanitært solidaritetsprosjekt for ungdomar i Korosten, at dette er noko som er forankra i den overordna læreplanen frå Utdanningsdirektoratet sine mål som me som skule må forhalda oss til:


Demokrati og medborgerskap

Læreplanens overordnede del vektlegger at elevene skal utvikle:
•    forståelse for menneskerettigheter og solidaritet
•    evne til å delta aktivt som medborgere
•    innsikt i sammenhengen mellom individets rettigheter og ansvar i samfunnet
•    engasjement for fellesskapet og samfunnsutviklingen.
Kjelde: Demokrati og medborgerskap | udir.no
 

Elevane på Ølen vgs deltar i et humanitært solidaritetsprosjekt ved å gjennomføre ein arbeidsdag til inntekt for bistands- og solidaritetsarbeid. Deltakinga viser forståelse for globalt ansvar, solidaritet og aktiv samfunnsdeltaking i tråd med verdiane som vert løfta fram i læreplanverkets overordna del og det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap. Dette er viktig at alle elevane er kjende med før Ølen vgs sin DK-dag 3.november 2026.
 

I samlinga vart og våre elevar orienterte om DK-historikken, målet med DK-dagen, kva pengane vert brukte til (Dei innsamla pengane går til sport- og friidrettsutstyr til elevar i Korosten, som bestemt i intensjonsavtalen mellom elevrådet på Ølen vgs / THK / skulesjefen i Korosten), kor takknemlege dei er i Korosten og kor stolte me er av det arbeidet som elevane har gjort for andre ungdomar i Korosten sidan 2003!


Slava Ukrajini! *

 * (Ære til Ukraina!) er et ukrainsk nasjonalt slagord og ei helsing som betyr friheit og motstand mot aggresjon.

Ølen vgs, 20.10.2026,
Johannes Langhelle 
Avdelingsleiar / DK-koordinator