Visma InSchool (VIS)

Visma InSchool (VIS) er eit skuleadministrativt system. I dette systemet vil du få tilgang til timeplan, fråvær, karakterar og mykje meir.

Introduksjon

Korleis loggar eg inn?

Du kan logge deg inn i VIS frå og med 17. august 2022

Innlogging VIS - Ølen vidaregåande skule

Elevar

Elevar brukar Feide for å logge seg på VIS. Dei har også tilgang til å bruke eigen VIS-app.

Føresette

Bruk ID-porten for å logge deg inn. Når du bruker ID-porten, kan du velje om du vil logge deg inn med MinID, BankID, BankID på mobil, Buypass eller Commfides . Hugs at du må bruke MinID kvar gong du logger deg inn i VIS. Dette er av omsyn til tryggleiken.
Det er foreløpig ikkje VIS-app tilgjengeleg for føresette.

Meir om innlogging og tilgang for føresette

Problem med å logge deg inn eller få tilgang?

Vi anbefaler at du bruker nettlesaren Chrome når du skal logge deg inn i VIS. Bytt nettlesar om du opplever problem med pålogginga. Dersom du framleis ikkje greier å logge deg inn, anbefaler vi deg å ta kontakt med skulen: olen-vishjelp@skole.rogfk.no