Innlogging og tilgang for føresette i det skuleadministrative systemet vårt (VIS)

Skuleåret 2020/2021 fekk alle våre vidaregåande skular  eit nytt skuleadministrativt system Visma InSchool (VIS). Du som føresett får ein eigen tilgang til systemet for å sikre samarbeidet mellom heim og skule.

Målet med VIS er å legge til rette for og møte framtidige behov i skulen ved å:

  •     fornye, forenkle og forbetre arbeidsdagen til elevar, lærarar og skuleadministrasjonen
  •     legge til rette for kommunikasjon mellom skulen og heimen
  •     digitalisere skuleadministrasjon – gi meir elektronisk, automatisert og effektiv arbeidsflyt
  •     gi ei oversikt over at elevane har fått den opplæringa dei har krav på

 
Korleis loggar eg inn?

Du kan logge deg inn i VIS frå og med 17. august 2023

Bruk ID-porten for å logge deg inn. Når du bruker ID-porten, kan du velje om du vil logge deg inn med MinID, BankID, BankID på mobil, Buypass eller Commfides . Hugs at du må bruke MinID kvar gong du logger deg inn i VIS. Dette er av omsyn til tryggleiken. (Føresette kan ikkje bruke VIS-app.)

Innlogging VIS - Ølen vidaregåande skule

Elevar brukar Feide for å logge seg på VIS. Dei har også tilgang til å bruke eigen VIS-app. Det er foreløpig ikkje VIS-app tilgjengeleg for føresette.

Register dine kontaktopplysningar

VIS hentar namn og folkeregistrert adresse til eleven si føresette med foreldreansvar frå Folkeregisteret. Eventuell e-postadresse og telefonnummer hentast frå kontakt- og reservasjonsregisteret for dei som ikkje har reservert seg.

Føresette kan sjølv legge til e-post og telefonnummer i VIS.

Det er viktig at  føresette sine kontaktopplysningar er registrerte i VIS slik at dei kan motta nødvendig informasjon får skulen, blant anna i samband med beredskap.

Vi setter pris på, og ber om at du legg inn opplysningane så raskt som mogleg.

Er du føresett til elevar som går på forskjellige skular? Da ber vi deg om å registrere dine kontaktopplysningar på kvar einskild skule.

Riktige kontaktopplysningar vil vere med å sikre eit godt samarbeid mellom heim og skule og ein god beredskap.

Elevar over 18 år

Føresette til elevar over 18 år må signere eit samtykke for at vi skal kunne legge inn føresette og personopplysningar i systemet. Dette vil gi føresette moglegheit til å logge seg inn i VIS, og opne for at skulen kan dele opplysningar om elev som er over 18 år. Eleven må også gi samtykke før føresette kan få tilgang i VIS.

Samtykkeerklæring for føresette/elev over 18 år

Signert samtykke frå elev og føresett må leverast til Informasjonen på skulen. (Gjeld for elevar over 18 år.)

Kva får du tilgang til som føresett?

Føresette med foreldreansvar for elevar under 18 år får tilgang til

  • Eigne kontaktopplysningar.
  • Timeplan
  • Historikk (oppsummert fråvær*, halvårs-, standpunkt- eksamenskarakterar, samt om eleven har skiftet skule eller avbrott utdanninga)
    * fråvær ligg under fane "historikk"
  • Læreplan

Føresette til elevar over 18 år får ikkje automatisk tilgang til informasjon i systemet. Det er eleven sjølv som gir og godkjenner tilgangen til føresette i VIS. Eleven kan gi føresette tilgang til timeplanar, læreplanar, registrering av kontaktopplysningar og fråvær. Hugs at samtykke må leverast først.

Problem med å logge deg inn eller få tilgang?

VIS har støtte for siste versjon av nettlesarne Chrome, Safari, Microsoft Edge og Firefox.. Bytt nettlesar om du opplever problem med pålogginga (gjerne Chorme) Dersom du framleis ikkje greier å logge deg inn, anbefaler vi deg å ta kontakt med skulen: olen-vishjelp@skole.rogfk.no

Korleis bruker eg VIS?

Systemet er oversiktleg og greit å bruke. Det skal være enkelt for deg som føresett å finne fram. Sjå gjerne videoen som gir deg kort informasjon om korleis du bruker systemet.

Se opplæringsvideoer for elever

Les om behandling av personopplysninger i personvernerklæringen

Visma InSchool (VIS)