Informasjon til elevar Elevundersøkinga

Elevundersøkinga Hausten 2023 –les dette før du svarer (Vg1, 2 og 3)

Kva er formålet med Elevundersøkinga?

Elevundersøkinga gir deg høve til å seie kva du meiner om læring og trivsel på skolen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skolen, skoleeigaren og dei statlege utdanningsmyndigheitene for å analysere og utvikle skole- og læringsmiljøet til elevane.

Resultat frå undersøkinga kan også bli brukt til forsking, statistikk og lagring i arkiv.

Utdanningsdirektoratet publiserer statistikk frå Elevundersøkinga på www.udir.no.

Film om Elevundersøkinga

Korleis blir undersøkinga gjennomført?

Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga. Du kan også hoppe over spørsmål du ikkje ønskjer å svare på.

Behandlingsansvar og personvern

Når du svarer på spørsmål i Elevundersøkinga, blir det lagra personopplysningar om deg. Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for at alle personopplysningane blir behandla i tråd med personvernregelverket. Vår databehandlar Conexus driftar det tekniske i undersøkinga for Utdanningsdirektoratet, og dei må følge same regelverk.

Du skriv ikkje namn og det er heller ikkje knytt personnummer til svara dine i Elevundersøkinga. Når du har svart på undersøkinga, blir koplinga mellom påloggingskoden/- lenka di og det du har svart broten. Det er derfor vanskeleg å finne ut av kven som har svart kva i undersøkinga. I nokre få tilfelle (eksempelvis ved små skolar), kan det likevel vere ein risiko for at nokre kan kjenne att kven som har svart kva. Derfor har Utdanningsdirektoratet svært strenge reglar for å vise resultat frå undersøkinga til skolen, skoleeigaren og dei statlege utdanningsmyndigheitene. Resultat frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogleg å kjenne att svara dine. Svara blir oppbevarte så lenge det er nødvendig.

I dei tilfella Utdanningsdirektoratet leverer ut svara til forsking, må forskarane følgje direktoratet sine reglar for behandling av data og teieplikt, og dei må skriv under på ei teieplikterklæring.

Rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar

Det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningar i Elevundersøkinga er personvernforordninga art. 6 nr. 1 bokstav e og art. 9 nr. 2 bokstav g, og det supplerande nasjonale rettslege grunnlaget er forskrift til opplæringslova § 2-3 og forskrift til privatskolelova § 2-3. Du kan ikkje krevje innsyn i, retting i eller sletting av svara, fordi svara dine ikkje kan knytast direkte til deg.

Rettsleg grunnlag for forsking, statistikk og lagring i arkiv er personvernforordninga art. 6 nr. 1 bokstav e og art. 9 nr. 2 bokstav j. Personopplysningslova §§ 8 og 9 er det supplerande nasjonale rettsgrunnlaget.

Har du spørsmål?

For meir informasjon kan du ta kontakt med skolen eller Utdanningsdirektoratet. Kontaktinformasjon til Utdanningsdirektoratet:
Telefon: +47 23 30 12 00
E-post: post@udir.no

Du finn også mykje informasjon på www.udir.no/undersokelser. Spørsmål om personvern kan rettast til Utdanningsdirektoratet sitt personvernombod på: personvernombud@udir.no

Datatilsynet er klageinstans for behandlinga av personopplysningar i Klage til Datatilsynet | Datatilsynet