
For å få best mogleg start på skuleåret ynskjer me å starte med samtale mellom elev, føresette og kontaktlærar før skulestart.
De er velkomne til oppstartsamtale på skulen etter oppsett. De får en epost med innkalling.
Avsatte dagar og klokkeslett: torsdag 14. og fredag 15. august kl 12.00 - 15.30
De får ein «møteplan» ved inngangen som viser stasjonane de skal innom og rekkjefølgja. Første stopp er samtalen med kontaktlærar, vent til de blir henta! Vidare skal de innom IKT- og bibliotek, skuleskyss-info, mm. Ta med mobiltelefon!
Det er også høve til å avklare spørsmål om skyss. Ein må rekne med at besøket på skulen vil ta omlag ein time.
Me ber om at de skriv ut (-dersom de har høve til det) og fyller ut eit skjema til samtalen med kontaktlærar.
VG1 Oppstartsamtale m. føresette (PDF, 114 kB)
Skulestart
Skulen tek til tysdag 19. august, frammøte i klasserommet der de (dei fleste) hadde startsamtalen kl. 8.00.
Første skuledag varer til kl. 14.00. Ta med skrivesaker.
Nyttig informasjon
På nettsida finn du informasjon om skulen, ordensreglement, m.m.
Skulebrosjyre
- Meir informasjon om timeplan m.m. får du når du møter på skulen.
- VG1 Studiespesialiserande kan i tillegg til obligatoriske fag velje faget Teknologi og Forskingslære (TOF). – meir info ved skulestart.
- Me gjennomfører bli-kjent turar med ei overnatting for Vg1-klassane i veke 34-36. Nærare orientering ved skulestart.
I samband med skulestart sender Rogaland fylkeskommune SMS med ulik informasjon til elevar. Meir info om Elev-PC og IKT finn du i lenken:
Elev-PC og IKT
Informasjonsmøte for føresette:
Me arrangerer informasjonsmøte for føresette torsdag 4. september kl 18.00 i Ølen kulturhus. Då vert de ma. informert om føresette sin tilgang til det administrative systemet vårt VIS (Visma In School). Her får ein tilgang frå skulestart.
De finn meir informasjon på nettsida vår,
InSchool
Innlogging InSchool - Ølen vidaregåande skule etter 19.08.
Me ber om at de legg inn kontaktinformasjon her, for å lette kommunikasjonen mellom skule og heim.
Ta kontakt med skulen om de har spørsmål!
Skuleskyss:
Før skulestart loggar du inn på Skuleskyss. Det er ulike rutinar for elevar frå Rogaland og Vestland fylke, vel det fylket du bur i. Ta kontakt ved oppstartssamtalen om de har spørsmål eller treng hjelp til noko.
Vel møtt!
Ølen, 15.07.2025
Ruth J. Sæle
-rektor-