Russ 2025

Til foreldre for russ 2025

Måndag 10.06.24 hadde politiet og Ølen vgs eit informasjonsmøte for dei som skal vere russ i 2025, fordi planlegginga deira har starta no. Me ynskjer med dette brevet å oppfordre dykk foreldre til å vere interessert i, snakka om og skapa refleksjon rundt russetida saman med ungdomen dykkar. Tema og vurderingar me presenterer her og i møte er gjort på bakgrunn av erfaring med tidlegare års russ og evaluering saman med russ 2024. 

Vår erfaring med tidlegare russ i Vindafjord kommune
-    Dei er ei inkluderande gruppe og arrangementa reflekterer dette 
-    Dei passar på kvarandre 
-    Dei følger dei retningslinjene som blir gitt 
-    Dei drikk mykje alkohol, men ivaretar kvarandre dersom noko oppstår 
-    Russen ynskjer ikkje sjølv bruk av illegale rusmidlar og synest at dette er ukult
-    Mange er opptekne av økonomi og har eit bevisst forhold til økonomisk press rundt russetida

Me vil gjennomføre desse tiltaka for russen 2025
o    Faste møte med representantar frå russestyret og russegruppene 
o    Foreldremøte for føresette til russ 2025
o    Foredrag for russen m/helsesjukepleiar og politi – i samarbeid med Ølen og Lundeneset vgs 
o    Ung på Hjul v/Trygg Trafikk – ei simulert trafikkulykke – fokus på trafikksikkerheit 
o    Evaluering av russetida 2025

Dette er tema som blei tatt opp med russen på møtet 10. juni:

Russegrupper

Me ser at det oppstår utanforskap, usikkerheit og ekskludering i forminga av russegrupper. Dette på tross av at mange russ har eit bevisst og reflektert forhold til dette. Dette er også russen klar på i evalueringar. Me har oppfordra til å tenkje inkluderande og vurdere større grupper for å få med alle.

Årets liste 

I fleire år har det oppstått svært uheldige episodar på grunn av noko kalla "Årets liste», der ein kårar vinnarar i ulike kategoriar, ofte nokon som har gjort noko dumt. Skulen har prøvd å moderere lista, men ein ser at mykje glepp, fordi det er interne ting ein ikkje kjenner til. Lista skapar ein del usikkerheit og uro. Det har oppstått mobbing, ekskludering og hærverk på grunn av kåringa. Det vil derfor ikkje bli "Årets liste" f.o.m 2025.

Festar russen arrangerer for heile Ølen vgs

Desse blir opplevd som inkluderande og positive arrangement, der mange blir kjente og får nye vener. Det er derimot ei kjent problemstilling at sjølv om arrangementa er rusfrie, er det mange som kjem alkoholpåverka og med alkohol til arrangementet. Difor ynskjer me dykkar hjelp til å oppretthalde reglane og gjere det trygt for mange ungdommar som gler seg til desse arrangementa; 
o    Arrangementa er rusfrie og foreldre og russ er vaktar 
o    Personar som er påverka av alkohol slepp ikkje inn på arrangementet 
o    Medbrakt alkohol skal takast vare på av vaktar og skal ikkje inn i lokala
o    Arrangementet skal meldast til politiet på politiet.no to veker innan festen 
o    Ein skal ha foreldrevakter

Sleppfestar, gruppefestar og russefestar

o    Skal vere for russen. Her skal ikkje Vg1- og Vg2-elevar inviterast med
o    Ein skal ha godkjenning frå grunneigar eller utleigar 
o    Ein skal melde frå om arrangementet til politiet på politiet.no to veker innan festen 
o    Ein skal ha foreldrevakter

Med ynskje om god samhandling, ei trygg russetid og ein fin sommar frå

Underskrift
Kristine Strand Gjertrud Helland Sølvi Haraldseid
Politikontakt Etne og Vindafjord Politistasjon Avdelingsleiar studiespesialiserande Ølen vidaregåande skule Konstituert helsesjukepleiar Vindafjord kommune