
Til elevar ved Ølen vidaregåande skule
Politiet ønskjer å minna om nokre reglar som gjeld når de samlast på offentleg stad. Formålet er å sikra at alle kan ha det trygt og hyggjeleg – også andre som oppheld seg i området.
Kva er offentleg stad? Straffelova § 10
Ein offentleg stad er eit område som er ope og tilgjengeleg for alle – til dømes parkeringsplassar, offentleg transport, på og ved butikken, på og ved veg og område inne og utanfor festlokale.
Drikking på offentleg stad Alkohollova § 8-9 nr. 5
Aldersgrensene for å drikka alkohol er 18 år. Det er forbode å drikka alkohol på offentleg stad. Hugs at rus som plagar andre kan føra til at politiet må gripa inn. Politiet kan ta alkohol frå personar på
offentleg stad.
Urinering på offentleg stad er ikkje tillat. Politivedtekt, Etne § 19 nr 4 og Vindafjord § 18 nr. 4
Ordensforstyrring Straffelova § 181
Å forstyrra andre, slost, leikeslost, utilbørleg støy eller anna åtferd er ikkje tillaten. Opptre roleg og respektfullt overfor alle.
Plikt til å sei personalia Straffelova § 162 og Politilova § 10
Dersom politiet spør om namn, fødselsdato, adresse eller identitet, pliktar du å sei dette. Å lyga om seg sjølv eller andre medfører same straff som å nekta. Tvil om identitet kan føra til at du blir teken
med til politistasjonen for identitetsfastsetjing. Politiet kan visitera deg etter legitimasjon.
Personnummeret ditt er ikkje hemmeleg for offentlege etatar.
https://www.datatilsynet.no/rettigheter-og-plikter/personopplysninger/fodselsnummer/
Plikt til å følgja pålegg frå politiet Politilova § 5
Dersom politiet gir ein beskjed – til dømes om å flytta seg, dempa støy eller avslutta ei samling – skal dette følgjast med ein gong. Dette gjeld anten ein er samd eller usamd.
Brot på reglane over medfører normalt anmeldelse og førelegg på mellom 2000 og 12000 kr.
Spør ein vaksen, bruk Ung.no eller lovdata til å finna informasjon. Ikkje spør Chat GPT, hen veit
ikkje.
Me veit at fellesskap betyr mykje for dykk. Me ber de ta omsyn – til kvarandre, til omgivnadene og til reglane. Politiet vil at de skal ha det trygt og kjekt. Ta vare på kvarandre og hjelp kvarandre.
Med vennleg helsing
Kristine Haraldseid Strand
Politikontakt i Etne og Vindafjord kommune