Individuelt tilrettelagd opplæring, organiseringsform arbeidstreningKven er tilbodet for?Opplæringstilbodet individuelt tilrettelagd opplæring i lita gruppe – arbeidstrening, er eit tilbod for elevar med spesielle behov knytt til læring og sosiale ferdigheter, og som har behov for individuell tilrettelegging utover det ein kan tilby i ordinære klassar.OrganiseringTilbodet er organisert i grupper med redusert elevtal og foregår i tilrettelagte undervisningslokaler. Elevar har rett til individuelt tilrettelagd opplæring dersom dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa (jmf. Opplæringslova § 11 – 6). Opplæringa har avvik frå ordinær opplæring i alle eller deler av faga og gir ikkje grunnlag for vurdering med karakter. Eleven får kompetansebevis.UtgangspunktOpplæringa tar utgangspunkt i eleven sine behov og interesser og skal legge grunnlaget for at eleven skal bli mest mogleg sjølvstendig i bustad, arbeid og fritid. Kommunikasjon og sosial kompetanse er difor viktige fokusområder i opplæringa.OpplæringEleven får opplæring etter individuell opplæringsplan(IOP), med utgangspunkt i den enkelte elev sitt funksjonsnivå og utviklingsmuligheter. Eleven vel utdanningsprogram, og får ein plan der innhaldet har ein kombinasjon av fellesfag og programfag, teori og praksis.På Ølen vgs. kan elevane på arbeidstrening velje mellom desse utdanningsprogramma:Helse og oppvekstfagBygg – og anleggsteknikkRestaurant og matfagStudiespesialiserandePersonleg utvikling og meistringEit engasjert og fagleg dyktig personale legg til rette for personleg utvikling og meistring for den enkelte elev.Eigen butikkIndividuelt tillrettelagd Opplæring har eigen butikk med varer laga av elevaneMeir om ITO-butikk Publisert 22.10.2019 09.40