Praktisk elevarbeid er ein viktig del av opplæringa ved Ølen vidaregåande skule. Elevane våre kan ta på seg oppdrag frå eksterne oppdragsgivarar som ein del av opplæringa. Døme på slike oppdrag kan vere reparasjon av traktor, reiskap og byggeprosjekt. Alle kan nytte seg av tilbodet.
Publisert 17.06.2026 10.48
Sist endra 17.06.2026 10.50
Elevarbeida er forankra i læreplanane, og blir gjennomførte som ein del av den ordinære opplæringa. Oppdrag for kundar er ein svært viktig del av opplæringa, då det gir elevane realistiske, svært lærerike og motiverande arbeidsoppgåver i dei ulike faga. Val av prosjekt og oppdrag skjer etter vurdering med utgangspunkt i fagleg relevans og avdelinga si samla kapasitet og kompetanse.
For førespurnader om elevarbeid, send inn skjema her:
Førespurnad om elevarbeid