Om Ølen vidaregåande skule

Når du er elev på Ølen vidaregåande skule, er det to ting du kan glede deg til: Du skal fylle hovudet med ny kunnskap – og du skal få nye vener.

Ølen ligg i Vindafjord kommune på Haugalandet. Du er rett ved sjøen og har kort veg til fjellet.

Velkommen til lyse og trivelege lokale, stor idrettshall og ein skule som vil få deg til å vekse!

Skulen har dyktige fagfolk og eit godt miljø mellom lærarar, elevar og foreldre.

Ølen vidaregåande er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram: 

  • Studiespesialisering
  • Idrettsfag
  • Påbygg til generell studiekompetanse
  • Bygg- og anleggsteknikk
  • Elektrofag
  • Helse- og oppvekstfag
  • Teknikk og industriell produksjon
  • Tilrettelagt opplæring

 Velkommen som elev!