Ledige stillingar

Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har 300 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me spesialundervisning i lita gruppe. Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning.

Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel.

  • Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig. 
  • Generelt ynskjer me medarbeidarar med undervisningskompetanse i  fleire fag.
  • Til undervisningsstillingar er det krav om relevant kompetanse i dei aktuelle faga samt godkjend pedagogisk utdanning. Om det ikkje melder seg søkjarar med relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning vil andre søkjarar kunne bli vurdert. 
  • Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing. 

Artikkelliste