Ledige stillingarØlen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har 300 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me spesialundervisning i lita gruppe. Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning.Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel. Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig. Generelt ynskjer me medarbeidarar med undervisningskompetanse i fleire fag. Til undervisningsstillingar er det krav om relevant kompetanse i dei aktuelle faga samt godkjend pedagogisk utdanning. Om det ikkje melder seg søkjarar med relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning vil andre søkjarar kunne bli vurdert. Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing.
100% fast lærarstilling, programfag innan Teknologi og industrifag (TIF) 100% fast lærarstilling, programfag innan Teknologi og industrifag (TIF)Frå 1.august 2026 er det ledig 100% fast stilling i programfag på teknologi og ...
Undervisningsstilling idrettsfag/kroppsøving Om lag 70% undervisningsstilling idrettsfag/kroppsøving, der inntil 40% er fast og resten årsvikariatFrå hausten 2026 er det ledig om lag 70% stilling ...