Helsing frå rektor

Ruth J. Sæle Skuleåret 2022 – 2023

Me gler oss til å starte eit nytt skuleår der me kan bruke tid og krefter på det me aller helst vil og skal – gi god opplæring, bidra til utvikling av kunnskap, dugleik og haldningar! Korona-pandemien har dessverre hatt stor innverknad på korleis skulen og samfunnet elles har måtte innrette oss dei siste åra, og me satsar på at me slepp å ta slike omsyn vidare!

Det går mot slutten med renoveringa av hovudbygget på skulen. I løpet av hausten skal nytt kantinekjøkken og ny utsalsdel vere klart. Sjølve kantina skal også få eit «ansiktsløft».  Lokala til mediatek/studiesenter er ferdig, og tas i bruk så snart møblar er på plass.  Skulen vår treng opprusting utvendig også, så det blir neste steg.

Visma In School er tilgjengeleg for elevar og føresette (-til elevar under 18 år)  frå første skuledag. Føresette må leggje inn kontaktinformasjon i systemet. For å gi informasjon om dette- og mykje meir, blir alle VG1 elevane med føresette inviterte inn til ein startsamtale med kontaktlærar  anten måndag 15. eller tysdag 16. august, frå kl. 12.00 og utover.

Innføring av nye læreplanar held fram, denne hausten for VG3. Så frå denne hausten vil alle trinn i vidaregåande opplæring ha planar tilpassa fagfornyinga, LK2020.

Rogaland fylkeskommune ligg på topp i landet når det gjeld fullført og bestått. Og Ølen vgs ligg over snittet i Rogaland! Dette resultatet tilskriv me godt læringsmiljø, dyktige fagfolk og god trivsel, både blant elevar og tilsette!

Ølen vgs er eit godt skuleval og me gler oss til å treffe elevane igjen i august, både nye og «gamle», til eit nytt og viktig skuleår. Nye vener, ny kunnskap og utvida kompetanse på mange felt ventar!

Eg ynskjer alle eit flott skuleår ved Ølen vgs!

Helsing  

Ruth J. Sæle

-rektor