Skulestart VG1

Skulestart VG1 – Velkommen til Ølen vidaregåande!

Vi gler oss til å ta imot alle nye VG1-elevar!
Måndag 17. august startar eit nytt kapittel – med nye vener, nye fag og nye opplevingar.

 

For å få best mogleg start på skuleåret ynskjer me å starte med samtale mellom elev, føresette og kontaktlærar før skulestart.

De er velkomne til oppstartsamtale på skulen etter oppsett. De får en epost med innkalling. 
Avsatte dagar og klokkeslett: onsdag 12.  og torsdag 13. august kl 12.00 - 15.30

De får ein «møteplan» ved inngangen som viser stasjonane de skal innom og rekkjefølgja. Første stopp er samtalen med kontaktlærar, vent til de blir henta! Vidare skal de innom  IKT- og bibliotek, skuleskyss-info, mm. Ta med mobiltelefon!
Ein må rekne med at besøket på skulen vil ta omlag ein time.

Me ber om at de skriv ut (-dersom de har høve til det) og fyller ut eit skjema til samtalen med kontaktlærar.

VG1 Oppstartsamtale m. føresette (PDF, 114 kB)

Skulestart

Skulen tek til måndag 17. august, frammøte i klasserommet der de (dei fleste) hadde startsamtalen kl. 8.00.

Første skuledag varer til kl. 14.00. Ta med skrivesaker.

Nyttig informasjon

På nettsida finn du informasjon om skulen, skulereglement, m.m.

Skulebrosjyre

  • Meir informasjon om timeplan m.m. får du når du møter på skulen.

 

I samband med skulestart sender Rogaland fylkeskommune SMS med ulik informasjon til elevar. Meir info om Elev-PC og IKT finn du i lenka:

Elev-PC og IKT

Informasjonsmøte for føresette:

Me arrangerer informasjonsmøte for føresette torsdag 10. september kl 18.00.  Då vert de ma. informert om føresette sin tilgang til det  administrative systemet vårt In School. Her får ein tilgang frå skulestart.

De finn meir informasjon på nettsida vår,

InSchool

Innlogging InSchool - Ølen vidaregåande skule etter 17. august

For å lette kommunikasjonen mellom skule og heim, ber me om at de legg inn kontaktinformasjon her.

Ta kontakt med skulen om de har spørsmål!

Skuleskyss:

Før skulestart loggar du inn på Skuleskyss. Det er ulike rutinar for elevar frå Rogaland og Vestland fylke, vel det fylket du bur i. Ta kontakt ved oppstartssamtalen om de har spørsmål eller treng hjelp til noko.

 

Vel møtt!

Ølen, 15.07.2026

Ruth J. Sæle
-rektor-­­­­­­­­­­­