Kven har rett på fri skuleskyss?
Elevar som bur i Etne kommune har fri skuleskyss.
Korleis søkje fri skuleskyss?
Elevar frå Vestland må sjølve søkje om fri skuleskyss via – «Skyss elev».
- Nye elevar får utdelt mellombelse skulekort. Når skulen har motteke dei permanente korta, får elevane beskjed.
- Tidlegare elevar som allereie har busskort, nyttar same kortet komande skuleår. Ta godt vare på kortet frå i år.
Skoleskyssbillett på mobil
Frå og med skolestart i august 2023 kan elevar ved alle ungdoms- og vidaregåande skoler i Vestland få skoleskyssbilletten sin i appen Skyss Billett.
Skoleskyssbillet på mobil
Om kontant skyssrefusjon:
Har du meir enn 3 km mellom heimen og næraste busstopp, og minst seks kilometer lang skuleveg, kan du få refundert utgifter til privat skyss for denne strekninga. Refusjonen gjeld ikkje dersom fylket ordnar med annan skyss.
Søkje kontant skyssrefusjon:
Vestland har ikkje lenger noko søknadsskjema. Ta kontakt med Informasjonen på skulen.
Tilrettelagt skuleskyss
Elevar med varig eller kortvarig funksjonsnedsetting eller sjukdom har rett på skyss mellom skule og heim uavhengig av reiselengde.
Retten gjeld kun om skyssbehovet kan dokumenterast med attest frå lege, psykolog eller spesialpedagog.
Søkje tilrettelagt skuleskyss
Ta kontakt med Informasjonen på skulen