Rogaland

For at elevar ved vidaregåande skule skal ha rett på fri skoleskyss, må fleire kriterium oppfyllast. Det gjeld ulike reglar for Rogaland og Vestland.

Kven har rett på fri skuleskyss?

Elevar som bur i eit område med definert lite rutetilbod, har rett på fri skuleskyss. Eitt av fylgjande kriterium må vere oppfylt:

  • Elevar som bur utanfor (utanfor det raude feltet) og har meir enn 6 km til skulen. Gjeld også for elevar over 22 år.
  • Eleven er over 22 år og har lengre enn seks kilometer til skulen (målt langs kortaste farbare veg).
  • Eleven må bruke båt til og frå skulen, bur utanfor ungdomsbillett-sona, og har kortare enn seks kilometer til skulen.

Korleis søkje fri skuleskyss?

Elevane må sjølve søkje om fri skuleskyss via «Min skyss» hos Kolumbus (gjeld ikkje elevar med særlege behov). Opprett brukar og logg inn.

Har du mista eller gløymt Kolumbuskortet ditt?

Elevar som mistar eller gløymer Kolumbuskortet sitt får nytte seg av gratis skyss ved å kontakte Informasjonen på skulen for å få eit midlertidig reisepass.

Har du ikkje rett på fri skuleskyss?

Elevar som bur innanfor «ungdomsbillett-sona» (innanfor det raude feltet) må kjøpe Ungdomsbillett, som er rimelegaste alternativ for ungdommar frå og med 15 år til og med 22 år. Billetten kostar kr 299,- pr mnd og er gyldig i 30 dagar.

Du har fylgjande moglegheiter til å kjøpe ungdomsbillett:

• I mobilappen «Kolumbus Billett»

• På nettsida til Kolumbus.no

• På Turistinformasjonen i Haugesund. (Hugs å ta med legitimasjon).
Skuleskyss for elevar i vidaregåande skular

Ofte stilte spørsmål om skuleskyss

Tilrettelagt skuleskyss

Elevar med varig eller kortvarig funksjonsnedsetting eller sjukdom har rett på skyss mellom skule og heim uavhengig av reiselengde.

Retten gjeld kun om skyssbehovet kan dokumenterast med attest frå lege, psykolog eller spesialpedagog.
Tilrettelagt skuleskyss

Om kontant skyssrefusjon

Har du meir enn 3 km mellom heimen og næraste busstopp, og minst seks kilometer lang skuleveg, kan du få refundert utgifter til privat skyss for denne strekninga. Refusjonen gjeld ikkje dersom fylket ordnar med annan skyss.

Søkja kontant skyssrefusjon:

Skjema for kontant skyssrefusjon kan hentast i Informasjonen på skulen, eller via Kolombus.no

Søknadsfrist: 15.september

Det er Kolumbus som organiserer skuleskyss, på vegne av skulane og Rogaland fylkeskommune.