Stipend og lån for flyktningar

Flyktningar kan få flyktningstipend

Flyktningar som ikkje har fullført grunnskole eller vidaregåande skole, kan få flyktningstipend til dette. Dersom du har rett til flyktningstipend, vil du få alt eller det meste av pengane utbetalt som stipend. Dersom du tar høgare og annan utdanning, har du ikkje rett til flyktningstipend, men du kan søke om vanleg stipend og lån til utdanning i Noreg på lik linje med norske statsborgarar.

Kven kan få flyktningstipend?

Du må:

  • Vere registrert med flyktningstatus hos UDI
  • Ta grunnskole eller vidaregåande skole
  • Ikkje få introduksjonsstønad samtidig som du får flyktningstipend
  • Ikkje bu på asylmottak

Video om flyktningstipend frå Lånekassen

 Brosjyrar og film på fleire språk

Lånekassen har laga informasjonsfilmar om flyktningstipend med tekst og tale på språka somali, tigrinja, arabisk og norsk som du finn på nettsidene til Lånekassen

Filmane og brosjyrane finn du her