Info om lånekassen 2023-2024

Ungdomsrett

Er du elev i vidaregåande skule og har ungdomsrett, får du utstyrsstipend frå Lånekassen. Du får stipendet uansett kor mykje foreldra dine tener. Hugs at du søkje for å få det. Dersom du ynskjer at Lånekassen skal vurdere om du har rett til andre stipend (inntektsavhengig stipend eller bortebuarstipend) må du oppgje det i nettsøknaden din.

Er du over 18 år og bortebuar, kan du søkje om lån.

Deltidsstudentar

Alle deltidsstudentar kan få lån og stipend. Det betyr at du kan få lån og stipend uansett kor få årstimar du tek. Støtta reknast ut nøyaktig etter kor mange årstimar du planlegg å ta.

Tilleggslån

Det er også nye tilleggslån for dei som er over 30 år og for dei som har barn (ikkje det same som tilleggslånet i samband med koronasituasjonen).

Søke

Når du har fått opptak, søkjer du om stipend på lanekassen.no Bruk søknaden for vidaregåande opplæring.
.Søknadsfrist for stipend og lån for heile året eller berre haustsemesteret er 15. november!

Under 18

For deg som er under 18 år og skal søkje om stipend til vidaregåande:

For at du skal få pengane, må ein av foreldra dine signere for deg. Dersom dei har ein digital postkasse, får dei svaret på søknaden din digitalt og kan signere avtalen raskare. Les meir om oppretting av digital postkasse på www.norge.no. Uansett om foreldra dine har digital postkasse eller ikkje, kan dei signere elektronisk under «Foreldresignering» på Lånekassen sine sider.

 

Les meir om stipend og lån på lanekassen.no og sjekk Lånekassen si side på Facebook.