Reglar for bruk av data ved Ølen vidaregåande skule

Berbar elevmaskin skal aldri koplast til nettet med kabel, berre via trådlaust nettverk.

I skuletida skal datamaskinane brukast til

-      tekstbehandling/rekneark for skriving/løysing av oppgåver

-      innhenting av informasjon via internett

-      e-post i samband med skulearbeid

-      spesialprogram ein treng i samband med skulearbeid

-      Det er faglærar som er ansvarleg for innhaldet i timane og som avgjer om, til kva og korleis dei ulike verktøya (som PC og  Mac) skal nyttast til ei kvar tid.

 

Tryggleik

-      Det er forbode å laste ned program som kan vere skadelege for datautstyret

-      Vis varsemd ved bruk av eigne USB minnepinnar. Hugs på virusfare.

-      Systemansvarleg har lagt inn restriksjonar som avgrensar tilgangen til skulen sitt nettverk og internett.

 

Elles viser ein til ordensreglement og norsk lov. Kontakt IKT Mediatek dersom du er usikker på kva du har lov til. Brot på reglar vil få konsekvensar.