Kjeldekritikk
IKT Mediatek kan hjelpe deg med å vere kjeldekritisk viss du lurer på om du kan stole på ei kjelde.
TONE kan vere ein grei huskeregel:
Truverdig
Kva veit du om forfattaren? Utdanning og stilling? Finn du kontaktinformasjon?
Objektiv
Er meininga med informasjonen å informere? Vil forfattaren overbevise, selje noko eller overtale?
Nøyaktig
Kor tid blei kjelda oppdatert? Viser forfattaren til kjelder? Finn du same opplysningar i andre kjelder?
Eigna
Er informasjonen relevant for oppgåva di? Forstår du informasjonen du vil bruke?