Frå hausten 2016 blei det innført fråværsgrense i vidaregåande skule.
Publisert 08.11.2019 14.25
Sist endra 15.08.2023 09.12
10%-grensa
Elevar med meir enn 10% udokumentert fråvær i eit fag får ikkje karakter. I spesielle tilfelle kan ein ha inntil 15 % udokumentert fråvær og likevel få karakter (Forskrift til Opplæringslova §3-3.)
Oppmøteplikt
Oppmøteplikta er uansett 100% og Utdanningsdirektoratet presiserer at dette ikkje er ein «skulkekvote», men eit tiltak som skal kome skulking til livs.
Oppbevaring av dokumentasjon
Eleven har sjølv ansvar for oppbevaring av dokumentasjon v/sjukmelding mm. til han/ho ikkje lenger er elev ved skulen.
Merk:
- fråvær skal meldast 1.fråværsdag (jamfør pkt. 4.2). Meldinga sender du primært til kontaktlæraren din, alternativt melder du frå på telefon til kontaktlærar/ Informasjonen.
- Kjem eleven meir enn 20 minuttar for seint til ein time, eller går meir enn 20 minutter før, så vert det rekna som timefråvær (jfr. Rogaland fylkeskommune si prosedyre i høve til fråværsgrensa).
- Fråværsdokumentasjonen skal vere skriftleg og skal leverast til kontaktlærar .
- Skulen gir ikkje permisjon til feriereiser i skuletida.
- Fråvær på aktivitetsdagar, første/siste skuledag, Dagsverk Korosten, uansett dagens lengd, vert ført som dagsfråvær.