Helsing frå rektor

Skuleåret 2026 – 2027

Velkommen til nytt skuleår på Ølen vgs!

Me gler oss til å bli kjent med nye elevar, og til å treffe igjen elevar frå i fjor- og året før!

Pr. 5.08.08.26 har 310 elevar fått skuleplass ved Ølen vgs. Av erfaring veit me at det blir endringar i perioden likefør/like etter skulestart. Det er viktig å melde skulen snarast om ein veit ein ikkje tar imot plassen, slik at elevar frå ventelista kan få tilbod!

VG1 elevar med føresette får tilbod om ein startsamtale med kontaktlærar før skulestart, me har sett av onsdag 12. og torsdag 13 august frå kl.12.00 og utover til samtalar. Gjennom startsamtalane vert kontakten mellom heim og skule oppretta, elev, føresette og kontaktlærar møtest, informasjon kan delast. Samstundes får ein ordna mykje av det praktiske, får utdelt lærebøker, tar foto til det skuleadministrative systemet, mm.

Ølen vgs er eit godt skuleval. Me har gode resultat, elevane våre fullfører og består opplæringa. Godt læringsmiljø, dyktige fagfolk og god trivsel, både blant elevar og tilsette tenkjer me er ein stor del av forklaringa!

Eg ynskjer alle eit flott skuleår ved Ølen vgs!

 

Helsing

Ruth J. Sæle

Helsing  

Ruth J. Sæle

-rektor