Vilkår for bruk av IKT-ressursar

Vilkår som gjeld for bruk av IKT-ressursar for elevar ved vidaregåande skular i Rogaland fylkeskommune.

Med «skulen» meiner ein den skulen eleven til ei kvar  tid er elev ved. Den enkelte skule opptrer på vegne av fylkeskommunen då alle skular er ein del av Rogaland fylkeskommune. Eleven pliktar å halde seg informert om gjeldande reglement og eventuelle supplerande bestemmelsar.


1. Verkeområde

Vilkåra gjeld for elevar ved vidaregåande skular i Rogaland fylkeskommune. Vilkåra gjeld bruk av skulen sine IKT-ressursar, det vil sei nettverk, IKT-utstyr og programvare.


2. Bruk av IKT-ressursar

Skulen sine IKT-ressursar skal primært bli brukt til skulerelatert arbeid. Privat bruk som opptar stor bandbredde eller krev uforhaldsmessig mykje diskplass, er ikkje tillatt.
IKT-ressursane skal ikkje bli brukt til å kome med trugslar og hets, utøve mobbing, opptre på rasistisk eller krenkande vis, eller til handlingar som elles er i strid med norsk lov.
Det er ikke tillatt å opprette eigne nettverk på skulens område. Det er heller ikkje tillatt å etablere eller benytte seg av anna elektronisk kommunikasjon for å omgå sperrer og begrensingar som er sett opp i forbindelse med opplæringa.


3. Brukaridentitet og passord

Tilgang til suolens nettverk blir gitt ved at skulen tildeler brukaridentitet og passord.
Passordet er personleg og må haldas hemmelig. Ved mistanke eller viten om at andre har fått kjennskap til passordet, pliktar eleven å forandre passordet umiddelbart.
Det er ikkje tillatt å låne bort brukaridentitet og passord til andre. Det er heller ikkje tillatt å tilegne seg eller å opptre med annan brukars identitet.
Skulen er ikkje ansvarlig for tap/skade som oppstår som følge av uaktsam handtering av passord frå eleven si side.


4. Nedlasting og installasjon av programvare

Nedlasting av filer og installasjon av programvare utover det skulen tilbyr, skjer på eige ansvar. Det er forventa at alle som installerer programvare gjer dette i samsvar med lisensreglane for programvaren.
Eleven pliktar å avinstallere skulens lisensierte programvare når opplæringa er avslutta, der lisensreglene krev det.


5. Logging av nettverkstrafikk og innsyn

Datatrafikk mot internett blir logga. Hensikten med logginga er å administrere systemet på ein forsvarleg måte, ivareta sikkerheiten i systemet og sikre at skulens reglement vert overhaldt.


6. Sikkerhetskopi og lagring

Eleven skal få informasjon om lagringsalternativ og korleis ein kan ta sikkerhetskopi. Eleven har sjølv ansvar for å ta sikkerhetskopi og kopi av relevante filer.


7. Opphavsrett

Det er ikkje tillatt å bruke IKT-ressursene i strid med reglar for opphavsrett.


8. Datasikkerhet og personvern

Skulen skal, så langt det er mogleg, beskytte elevane sin integritet slik at informasjon og personlege data ikkje kan bli misbrukt.
Når eleven forlet datamaskinen og andre kan få tilgang til den, skal eleven alltid låse eller logge ut av datamaskinen.
Eleven skal rapportere til skulen om misbruk, feil eller andre forhold som kan ha betydning for datasikkerheiten.
Eleven er plikta til å ha oppdatert antivirusprogram på datamaskinen og bruke sikkerheitsoppdateringar for operativsystem og programvare.


9. Ansvarsavgrensing

Skulen skal ha gode rutiner for sikkerheit, stabilitet og sikkerhetskopi, men er ikkje ansvarleg for tap av data eller andre tap som skuldast diskhavari, manglande sikkerheitskopi eller svikt i IKT-tenestene.
Skulen er ikkje ansvarleg for tap som skuldast brot på reglementet. Skulen er heller ikkje ansvarleg for tap/skade på privat datautstyr som er knytt til skulens nettverk.


10. Brudd på IKT-reglementet

Brudd på IKT-reglementet kan føre til sanksjonar.


11. Erstatning

Dersom det oppstår skade på skulen sine IKT-ressursar eller dei går tapt, kan skulen kreve tapet erstatta etter alminnelege erstatningsreglar.

Til toppen