Avslutningsfest

Kjære elevar og føresette i vg1

Onsdag 10. juni er det avslutningsfest for 3. klassane. Det er tradisjon at 1. klasse er med og lagar i stand og serverer på festen. Dette medfører litt endringar i timeplanen den dagen. Ein klasse får fri frå skulen på dagtid for å vera med og servera på kvelden, medan den andre klassen er med og lagar til på dagtid (altså møter til vanleg tid på skulen).


I år er det slik at 1STA skal servera på kveldstid og har dermed fri frå skulen på dagtid.
1STB/IFA skal vera med og laga til og pynta lokalet på dagtid, og møter til vanleg tid.


Det er svært viktig at dei som skal servera på kveldstid passar på allereie no, at dei ikkje skal jobba ettermiddag/kveld den 10. juni. Det er obligatorisk oppmøte, så om du ikkje er der vert det ført fråvær for heile dagen.


Helsing komiteen for avslutningsfesten