Helse- og oppvekstfagKan du tenkje deg å arbeida som helsefagarbeidar, aktivitør, portør eller barne- og ungdomsarbeidar? Eller er det meir aktuelt for deg å jobbe som apotekteknikar, tannhelsesekretær eller hudpleiar? Då kan Helse- og oppvekstfag gje deg mange moglegheiter.Kvifor velje Helse- og oppvekstfag?Du lærerom helsefremjande arbeidom fysisk og psykisk helseom korleis kroppen er bygd oppom kommunikasjon og samhandlingom utviklinga til barn og ungeom kost, ernæring og hygieneDu bør vereomsorgsfull og omsynsfull overfor menneskeflink til å kommuniseregod til å samhandle med andreLes meir om Helse- og oppvekstfag på vilbli.noKvifor velje Ølen?Eit alternativ for deg som ynskjer å arbeide med menneske i ulike aldrar og livssituasjonar.På Ølen vidaregåande skule er undervisninga både praktisk og teoretiskDu vil vere utplassert i praksis i 2-3 periodar i løpet av skuleåretMe har engasjerte og dyktige lærarar, som gir elevane gode kunnskapar, haldningar og ferdigheiterMe samarbeider med kommunenMe tilbyr:VG1 Helse- og oppvekstfagVG2 Barne- og ungdomsarbeidarfagVG2 Helsearbeidarfag Søkje skuleplassFørste året - Vg1Utdanninga til dei fleste yrka tar normalt fire år. Dei to første åra går du på skule. Etterpå er det to år opplæring i bedrift som lærling. Du har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg slik at du får studiekompetanse.Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har 12 timar i fellesfaga og 23 timar i programfaga. Fellesfag, Helse- og oppvekstfag Vg1 Fag-og timefordeling, fellesfag Helse- og oppvekstfag Vg1Fag-og timefordeling, fellesfag Helse- og oppvekstfag Vg1FellesfagTimar per årNaturfag56Matematikk84*Engelsk140Kroppsøving56Totalt336*Du vel enten 1P-Y (praktisk) eller 1T-Y (teoretisk) matematikk. Programfag, Helse- og oppvekstfag Vg1 Fag- og timefordeling, programfag Helse- og oppvekstfag Vg1Fag- og timefordeling, programfag Helse- og oppvekstfag Vg1ProgramfagTimar per årHelsefremjande arbeid197Kommunikasjon og samhandling140Yrkesliv i helse- og oppvekstfag140Yrkesfagleg fordjuping168Totalt645 Du finn oversikt over kva for programfag du kan velje på vilbli-sida til skulen. Andre året - Vg2Du fortsett opplæringa innan utdanningsprogrammet du valde på Vg1. På Vg2 vel du retning, og du kan velje mellom dei programområda som finst på utdanningsprogrammet du har valt. Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har ni timar i fellesfaga og 26 timar i programfaga. Fellesfag, Helse- og oppvekstfag Vg2 Fag- og timefordeling, fellesfag Helse og oppvekstfag Vg2Fag- og timefordeling, fellesfag Helse og oppvekstfag Vg2FellesfagTimar per årNorsk112Samfunnskunnskap84Kroppsøving56Totalt252 Programfag, Helse og oppvekstfag Vg2 Fag-og timefordeling, programfag Barne- og ungdomsarbeidarfag Vg2Fag-og timefordeling, programfag Barne- og ungdomsarbeidarfag Vg2ProgramfagTimar per år Kommunikasjon og samhandling140Pedagogisk arbeid197Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeiderfag140Yrkesfagleg fordjuping253Totalt730 Fag-og timefordeling, programfag Helsearbeidarfag Vg2Fag-og timefordeling, programfag Helsearbeidarfag Vg2ProgramfagTimar per år Kommunikasjon og samhandling140Helsefremmende arbeid197Yrkesliv i helsefremmende arbeid140Yrkesfagleg fordjuping253Totalt730 Du kan velje desse progamområda Aktivitør Ambulansefag Barne- og ungdomsarbeidarfag Fotterapi og ortopediteknikk Helsearbeidarfag Helseservicefag Hudpleie Du finn oversikt over kva for programfag du kan velje på vilbli-sida til skulen. Tredje året - Vg3Du blir normalt lærling og fortsett opplæringa i ei godkjend lærebedrift. Læretida er to år, og når du er ferdig med læretida kan ta fag- og svennebrev.Bli lærlingDu har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg for å få studiekompetanse. Dette kan du gjere etter at du har tatt fag- og svennebrev eller etter Vg2.Vegen vidareYrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller svennebrev). Du kan gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning etter at du har fullført yrkesfagleg opplæring. Sist endra 20.01.2025 14.32