Helsing frå rektor

Skuleåret 2025 – 2026

Ruth J. Sæle

Velkommen til nytt skuleår på Ølen vgs!

Me gler oss til å bli kjent med nye elevar, og til å treffe igjen elevar frå i fjor- og året før!

Pr. 11.08.25 har 322 elevar fått skuleplass ved Ølen vgs. Av erfaring veit me at det blir endringar i perioden likefør/like etter skulestart. Det er viktig å melde skulen snarast om ein veit ein ikkje tar imot plassen, slik at elevar frå ventelista kan få tilbod!

VG1 elevar med føresette får tilbod om ein startsamtale med kontaktlærar før skulestart. Gjennom startsamtalane vert kontakten mellom heim og skule oppretta, elev og lærar møtest, informasjon kan delast. Samstundes får ein ordna mykje av det praktiske, får utdelt lærebøker, tar foto til det skuleadministrative systemet, mm.

Ølen vgs er eit godt skuleval. Me har gode resultat, elevane våre fullfører og består opplæringa. Godt læringsmiljø, dyktige fagfolk og god trivsel, både blant elevar og tilsette tenkjer me er ein stor del av forklaringa!

Eg ynskjer alle eit flott skuleår ved Ølen vgs!

Helsing  

Ruth J. Sæle

-rektor