Toppidrett fotball

Klikk for stort bilde "Toppidrett fotball" er eit programfag som me tilbyr på idrettsfag ved Ølen VGS.

Det er derfor ei forutsetning at elevane vel idrettsfag dersom dei ønsker å velje dette faget. "Toppidrett fotball" er for deg som driv aktivt med fotball, og har eit ønske om å utvikle ditt potensial både på fotballbanen og på skulebenken.

 

"Toppidrett fotball" er eit 5timars- (4 klokketimar) programfag som me tilbyr på vg1, vg2 og vg3. Faget har 3 hovudområde; treningsplanlegging, basistrening og ferdigheitsutvikling. Kort sagt vil du gjennom faget ha alle moglegheiter til å ta store steg som fotballspelar.

Me står klare til å hjelpe deg på vegen til å bli ein betre fotballspelar, me har gode fasilitetar og kompetente lærarar.

Til toppen