Elektrofag

Dette utdanningsprogrammet passer for deg som ønskjer fagutdanning i eit av faga innafor elektrofag. Det kan vere for eksempel elektrikar, tavle-, signal eller heismontør, flymekanikar, automatikar eller kulde- og varmepumpemontør.

Kvifor velje elektrofag? 

Du lærer

  • installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system
  • montering, kopling og programmering av elektriske og elektroniske system og anlegg
  • reparasjon av elektrisk utstyr
  • om utvikling av nye elektroniske produkt
  • konfigurering og programmering av utstyr og komponentar
  • tryggleik og dokumentasjon

Du bør vere

  • vere nøyaktig og systematisk
  • ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt handlag
  • vere serviceinnstilt og ha ein logisk tenkjemåte
  • vere kreativ og ha godt fargesyn

Les meir om elektrofag på vilbli.no

Kvifor velje Ølen?

Yrke med spenning!

  • På Ølen vidaregåande skule har me engasjerte og dyktige lærarar
  • Me har tett samarbeid med lokalt næringsliv
  • Du kan kombinere yrkesfag med faget breiddeidrett på VG1 og VG2

Me tilbyr:

VG1 Elektro
VG2 Elenergi

Elevar på verkstad - Klikk for stort bilde  

Søkje skuleplass

Første året - Vg1 

Utdanninga til dei fleste yrka tar normalt fire år. Du går dei to første åra på skule. Etterpå er det to år opplæring i bedrift som lærling. Du har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg slik at du får studiekompetanse.

Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har 12 timar i fellesfaga og 23 timar i programfaga.

Vg1

Andre året -  Vg2

Du fortsett opplæring innan utdanningsprogrammet du valde på Vg1. På Vg2 vel du retning, og du kan velje mellom dei programområda som finst på utdanningsprogrammet du har valt. 

Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har ni timar i fellesfaga og 26 timar i programfaga.

Vg2

Tredje året - Vg3

Du blir normalt læring og forsett opplæringa i ei godkjend lærebedrift. Læretida er to år, og når du er ferdig med læretida kan ta fag- og svennebrev.

Bli lærling

Du har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg for å få studiekompetanse. Dette kan du gjere etter at du har tatt fag- og svennebrev eller etter Vg2.

Vegen vidare

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller svennebrev). Du kan gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning etter at du har fullført yrkesfagleg opplæring. 

Til toppen