Det er i læreplanane det står kva du skal lære. Alle elever skal få lik opplæring uansett kor i landet du bor. Nå har skulen fått nye læreplanar. Det er 14 år sidan sist. Mykje har skjedd sidan då, den gang var det for eksempel ingen som hadde Ipad og det var få skulestreikar for miljøet.
Dei gamle læreplanane hadde for mange tema og det kunne vere vanskeleg å lære alt skikkeleg godt. Dei nye læreplanane beskriv det aller viktigaste du skal lære i kvart fag. Det er bra, for då kan du bruke meir tid på å lære ting godt og det blir enklare å forstå .
Dette vil du lære meir om
Sjølv om det er nye læreplanar, er ikkje alt nytt. Det er framleis mykje du vil kjenne igjen. Faga i skulen er framleis dei same, men kva du skal lære i faga har endra seg.
Du vil lære meir om teknologi og programmering. Nokon av faga er blitt meir praktiske. For eksempel kunst og handverk, musikk og mat og helse. I KRLE kjem du til å bruke mindre tid på detaljane i religionane og meir tid på å lære å ta andre sitt perspektiv. Målet er at du skal få større forståing for ulike trus- og livssyn. I matematikk får du bruke meir tid på å gruble deg fram til løysningane. Det er ikkje berre svara som er viktige, men også at du forstår korleis du kjem fram til dei.
Kritisk tenking og kjeldekritikk
Kritisk tenking og kjeldekritikk blir endå viktigare, og du skal tenke kritisk gjennom det du lærer. Med all informasjon som møter oss kvar dag, for eksempel på nett, er det ekstra viktig å kunne vurdere kva vi kan stole på.
Berekraftig utvikling, demokrati og medborgarskap og folkehelse og livsmeistring
Dei store temaa berekraftig utvikling, demokrati og medborgarskap og folkehelse og livsmeistring skal du lære meir om i fleire fag. Felles for temaa er at dei er aktuelle i samfunnet og i livet vi lever, både nå og i tida som kjem. For eksempel vil du lære meir om personleg økonomi, psykisk helse og korleis vi kan ta betre vare på jorda og miljøet.
Nye måtar å lære på
Det er ikkje berre viktig kva du lærer, men også korleis du lærer.
Djupnelæring
Djupnelæring er eit nytt omgrep i læreplanane. Det er eigentleg ikkje noko nytt, men handlar om å lære noko så godt at du forstår samanhengar og kan bruke det du har lært i nye situasjonar. Nå skal du reflektere meir over det du lærer i faga.
Korleis du lærer
Du skal også i større grad få påverke korleis du lærer. Det betyr at du og lærarane skal snakke saman om kva de lærer i faga, kvifor og korleis.
Dei yngste elevane vil lære meir gjennom å leike og å utforske.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet, (2020), Til deg som er elev – dette er det nye du skal lære på skolen.