Reisebrev Malaga

Tur til Malaga med 2STA   23.-26. oktober 2019

Klikk for stort bilde Onsdag 23. oktober reiste 2STA saman med lærarane Guro og Claudia til Malaga. Turen starta med fly frå Karmøy, med eit lite stopp innom Gardermoen. Vel framme i Spania brukte me 10 minutt med buss før me kom til hotellet, som låg i sentrum av Malaga. Me gjorde oss kjente med byen og hotellet før middag på kvelden, der burgar stod på menyen! 

 

Elektriske sparkesyklar

Klikk for stort bilde Det var tidleg opp neste dag, for då stod frukost og joggetur på programmet. Etterpå var det nokså fritt og då var dei fleste av oss på shopping. Seinare på dagen besøkte me stranda som låg eit lite stykke frå hotellet. Då nytta me oss av elektriske sparkesyklar og det var kjekt!!

  

 

 

Catedral de la Encarnacion de Malaga

Me møttest i resepsjonen i kveldinga før me gjekk samla til Picasso-museet. På vegen gjekk me forbi kyrkja «Catedral de la Encarnacion de Malaga». Då me var ferdige der, gjekk turen vidare til «Restaurante Vino Mio». Her blei det halvannan time med venting på mat - det var nok turens einaste nedtur…

Maten var elles kjempegod! Ei lita feiring av Karoline Alvilda fekk me også tid til.

Klikk for stort bilde   

Planen var å synge karaoke etter middagen, men ettersom maten kom så seint, så blei det knapp tid til karaoke…Innetid kl. 23.00.

Benalmadena

Dagen etter, og siste dagen på tur, reiste me til Benalmadena med buss. Ein kjempefin dag med strandkos og shopping i nydeleg vêr! Byen var kjempefin! På ettermiddagen tok me bussen tilbake til Malaga og slappa litt av på hotellet før me åt middag på restaurant. Me gjekk rundt og kikka i sentrum før me måtte møte i resepsjonen seinast kl. 23.00.

Strand Malaga - Klikk for stort bilde

Me hadde også eit spanskopplegg som me skulle gjennomføre medan me var på tur. Klassen var delt inn i grupper, der kvar gruppe hadde ulike oppgåver. Nokre hadde om hotellet, andre skulle presentere ein restaurant og somme hadde om Picasso. Oppgåva gjekk ut på å lage ein film der me presenterte oppgåva saman med litt fakta. Poenget var å snakke spansk, og helst intervjue ein spansktalande person. Då me kom heim, viste me fram filmane våre til dei andre i klassen.

Me storkoste oss på turen heile gjengen og set stor pris på at me fekk reise på tur!

Me hadde med oss kjekke lærarar som hadde tillit til oss og som var kjekke å ha med å gjera. Dette gjorde turen ekstra kjekk! Me kunne ikkje hatt ein betre tur!

Helsing 2STA

Til toppen