Realfagselevar presterer!

Ølen vgs gratulerer...

Erlend Matre i 3STB deltok i Abelkonkurransen i matematikk i haust.

Abelkonkurransen er ein konkurranse i matematisk problemløysing for elevar i vidaregåande skule i Norge. Erlend hamna blant dei 30% beste i landet - ei svært imponerande bragd!

Gratulerer!

Synne Åsheim i 3STA deltek i den internasjonale kunnskapskonkurransen Kjemi-OL.

Synne har gjort det svært godt og har hamna blant dei 15% beste i landet! Ho jobbar for tida med å gjere seg klar til neste runde som er i februar.

Me gratulerer og ynskjer ho lykke til!

Erlend og Synne får diplom - Klikk for stort bilde Jon Even Golf Robberstad  

Til toppen