Raudt nivå frå og med onsdag 15.desember

Ølen vgs innfører skule på raudt nivå frå og med onsdag 15.desember 2021, og 4 veker framover.

Me minner elevane om om:        

  • Hald deg heime om du er sjuk
  • 1meters avstand i alle situasjonar
  • God hygiene, vask/sprit hendene

Smittevernveiledar seier at antall nærkontaktar i løpet av ei veke skal halverast på raudt nivå, samanlikna med gult nivå.

Etter drøfting i samrådingsmøte i dag 14.12.21, vert raudt nivå innført frå og med onsdag 15.desember, og med følgjande tiltak:

  • Kveldsarrangementet tysdag kveld 21.12.2021 vert flytta til torsdag 7.april 2022 Kl. 18.00-21.00. NB: Hald av kvelden.
    Onsdag 22.12.21 er då undervisningsfri slik tidlegare planlagt
     
  • For å halvere antal elevar som er på skulen kvar dag, vert klassane delt i to grupper:  A og B. Oppmøte på skulen blir då slik:

Onsdag 15.12.21   A gruppene (B digital oppl. heime)
Torsdag 16.12.21   B gruppene (A digital oppl. heime)
Fredag 17.12.21     A gruppene (B digital oppl. heime)
Måndag 20.12.21   B gruppene (A digital oppl. heime)
Tysdag 21.12.21    A gruppene (B digital oppl. heime)

Tysdag 4.01.22      B gruppene (A digital oppl. heime)
Onsdag 5.01.22     A gruppene (B digital oppl. heime)
Torsdag 6.12.22    B gruppene (A digital oppl. heime)
Fredag 7.12.22       A gruppene (B digital oppl. heime)
Måndag 10.01.22   B gruppene (A digital oppl. heime)
Tysdag 11.01.22    A gruppene (B digital oppl. heime)
Onsdag 12.01.22   B gruppene (A digital oppl. heime)
Torsdag 13.01.22 A gruppene (B digital oppl. heime)
Fredag 14.01.22     B gruppene (A digital oppl. heime)

 

  • Elevane i 1AOI, har eigen plan.
  • Pultane er rigga med min. 1 meters avstand, skulder til skulder.
  • Elevane skal ha fast plass i sitt rom (klassekart), og elevane skal ikkje besøkje kvarandre i ulike rom.

Ølen vgs 14.12.21

Ruth J. Sæle

Rektor

Til toppen