Oppdatering koronasituasjonen

Med utgangspunkt i regjeringa sin pressekonferanse i går, 13.01.22, har Vindafjord kommune bestemt at skuledrifta i Vindafjord skal skje på grønt smittevernnivå f.o.m. måndag 17.01.2022.

Det betyr at elevar og tilsette møter fysisk på Ølen vgs måndag morgon.  

Det er framleis minst like viktig å overhalde alle smittevernreglar for å unngå spreiing av eventuell smitte. Vask hender, hald avstand og er ein sjuk så møter ein ikkje på skulen. Det vert framleis  tilrådd å bruke munnbind der ein ikkje kan halde ein meters avstand elles i samfunnet, td. på  kollektivtransport og i butikkar.

Linken under tek deg til Vindafjord kommune si info-side rundt koronasituasjonen: 

https://www.vindafjord.kommune.no/koronavirus/

Også Etne kommune har fortløpande oppdateringar om koronasituasjonen på si heimeside:    https://www.etne.kommune.no/

Ølen vgs 14.01.2022

Ruth J. Sæle

rektor

Til toppen