Oppdatering koronasituasjonen dd 8. april

Ut frå slik smittesituasjonen er no, vert  Ølen vidaregåande skule sett til gult smittenivå igjen, frå og med måndag 12.04.2021

Det betyr at alle lærarar og elevar møter på skulen som vanleg måndag morgon, og at all opplæring skjer på skulen. Klasserom og andre rom vert nytta slik det går fram av timeplanen. Restriksjonar for bruk fellesareal/grupperom  er oppheva. Me kjem til å oppretthalde tidsfordeling pr. klasse i kantina for å unngå opphoping av personar. På gult nivå er det ikkje krav om å halde 1meter avstand i klasserommet, men 1metersregelen gjeld alle andre stader. Og kan ein ikkje oppretthalde meteren tilrår kommunelegen framleis bruk av munnbind, td. på kollektivtransport.

Det er framleis minst like viktig å overhalde alle smittevernreglar for å unngå spreiing av eventuell smitte. Vask hender, hald avstand og er ein sjuk så møter ein ikkje på skulen.

Linken under tek deg til Vindafjord kommune si info-side rundt koronasituasjonen: https://www.vindafjord.kommune.no/koronavirus/

Også Etne kommune har fortløpande oppdateringar om koronasituasjonen på si heimeside:  https://www.etne.kommune.no/

Ølen vgs 8.04.2021
Ruth J. Sæle
rektor

 

Til toppen