Opning av skulane

Me er glade for at det no er opna for opplæring, og gler oss til å møte alle elevar igjen neste veke!

Korona viruset- informasjon til føresette til elevar ved Ølen vgs, pr. 8.05.2020

I revidert smittevernrettleiar blir ulike smittetiltak beskrive, og avstandskravet på 1 meter er presisert fleire gonger. Det vert ma. sagt at ein kan vurdere alternerande dagar, ulik oppmøtetid og alternative lokaler for å halde seg til smittevern-krava.

Rogaland fylkeskommune har utarbeida retningslinjer som fylgjer rettleiaren, og som gir skulane stort handlingsrom for korleis organisere opplæringa slik at smittevern vert ivareteke, samstundes som alle elevane får kome på skulen.

For Ølen vgs er skuleskyss den største utfordringa. Busselskapa har ikkje kapasitet til å auke opp antal bussar og antal passasjerar pr. buss er i realiteten halvert, når ein berre kan nytte annakvart sete. Med eksisterande rutetilbod er det ikkje aktuelt å tenkje ulike oppmøtetid.

På bakgrunn av dette har leiarteamet har beslutta at alle elevar skal ha opplæring på skulen/i undervisningslokala 2 dagar i veka, med lærar tilstades. Det betyr at resten av skuleåret blir opplæringa gitt som ein kombinasjon av nettbasert- og ordinær opplæring på skulen for alle elevane.

Med utgangspunkt i dagens timeplan (som ligg på intranettsida), er det bestemt dagar for oppmøte for den einskilde klassen. AOI og VG2 yrkesfag held fram slik dei har gjort dei siste vekene.

For dei andre klassane kan/vil det bli mindre endringar, ma. må me sikre at klassane har rom store nok til at 1-metersregelen kan haldast. Ny/endra timeplan blir lagt ut på nettet måndag ettermiddag, og gjeld frå tysdag 12.mai.  (Måndag 11.mai føl altså noverande timeplanplan.)

Klassane har opplæring på skulen etter oversikten, og første oppmøtedag er merka med raudt:

1AOI                   (ingen endring , oppmøte som dei siste vekene)

VG2 YFAG          (ingen endring,  oppmøte som dei siste vekene)Klikk for stort bildeAlle elevane vil første dag på skulen gjennomføre smittevernopplæring. Kantina vil vere open for kjøp, men ikkje som opphaldsstad. Vareutval og opningstid vil framleis vere avgrensa, og dei ulike gruppene vil få tildelt tider der dei kan handle.

Skulen kan kontaktast:

Mail:  olen-vgs@skole.rogfk.no

Telefonnr: 53 76 64 00

 

 

God helg til alle!

Ølen vgs 08.05.2020

Ruth J. Sæle

Rektor Ølen vgs

Telf. 90 58 58 35

Til toppen