Nytt skuleadministrativt system

Frå skuleåret 2020-2021 blir det nye skuleadministrative systemet Visma InSchool (VIS) innført ved alle vidaregåande skuler i Rogaland. VIS blir tilgjengeleg for elevar og føresette ved skulestart.

 

Målet med VIS er å legge til rette for å møte skulens framtidige behov ved å:

  •     fornye, forenkle og forbetre arbeidsdagen til elevar, lærarar og skuleadministrasjonen
  •     legge til rette for kommunikasjon mellom skulen og heimen
  •     digitalisere skuleadministrasjon – gi meir elektronisk, automatisert og effektiv arbeidsflyt
  •     gi oversikt over at elevane har fått den opplæringa dei har krav på

VIS blir etter kvart tatt i bruk av alle fylkeskommunane i landet. Akershus fylkeskommune tok systemet i bruk skuleåret 2019/2020. Skuleåret 2020/2021 er det Rogaland, Innlandet og Viken som tar systemet i bruk.

Visma InSchool

Tilgang for elevar 

Ved skulestart får nye elevar ein SMS med informasjon om å aktivere sin brukar. Denne brukaren gir tilgang til ulike tenester som skulen bruker. Vg2/vg3-elevar har same brukarkonto som i fjor.

Alle elevane vil få meir informasjon og opplæring ved skulestart.

 

 

Tilgang for føresette 

Føresette til elevar under 18 år vil få tilgang til kontaktopplysningar, fråvær, læreplanar og timeplan i VIS. Skulen gir meir informasjon når det er opna opp for pålogging.Froventa tilgong: måndag 24. august

Føresette bruker ID-porten for å logge seg på VIS.  

Les om behandling av personopplysningar i  personvernerklæringa

 

VIS i Rogaland

 

Til toppen