Korona – informasjon til foreldre om skulekvardagen

Skulen startar måndag 17. august. Vi har sett i verk ei rekkje tiltak på skulen for å hindre smitte.

Trafikklysa med grønt, gult og raudt nivå viser kva for smitteverntiltak som gjeld for skulane for dei ulike nivåa. Det er smittesituasjonen i Noreg som avgjer kva for nivå vi skal følgje.

Det er trygt for barn å gå på skulen

Vi skal framleis sjå til at elevane har eit trygt og godt skulemiljø. Alle som jobbar på skulen, skal følgje med på at elevane har det bra. I tida framover vil vi vere ekstra nøye med å sikre godt smittevern. Vi er særleg opptekne av:

  • at ingen skal møte på skulen eller SFO dersom dei er sjuke
  • at elevane vaskar hendene før dei kjem på skulen
  • god handhygiene og godt reinhald på skulen

Korleis vil skulekvardagen vere?

Grønt nivå: Skulekvardagen vil gå som normalt, men elevar og lærarar må unngå å handhelse eller klemme.

Gult nivå: Heile skuleklassar kan vere samla, og alle elevane skal få eit fulltidstilbod på skulen med vanlege skuledagar. Det kan hende at vi vil dele opp skuleplassen for å skilje klassar frå kvarandre. Elevar og lærarar må unngå å handhelse, klemme og samle seg i store grupper.

Raudt nivå: Elevane vil bli delte inn i mindre grupper. Det kan bli naudsynt å avgrense talet på elevar som kan kome på skulen. Det kan òg hende at vi ber elevane om å møte opp til ulike tider. Vi må halde god avstand til kvarandre, og elevane kjem til å vere mykje ute, òg i vanlege skuletimar.

Skuleskyss

Gult nivå: Elevar som er avhengige av skuleskyss, kan nytte buss eller annan transport for å kome seg til og frå skulen. Elevane bør halde avstand til andre, men det er ikkje noko krav at elevane skal halde éin meter avstand til medelevane, sjølv om dette kravet gjeld for andre reisande. 

Raudt nivå:Dersom elevane tek skulebuss eller annan transport, må dei hugse å halde god avstand, både medan dei ventar og på bussen. Elevane bør vurdere om det er mogleg å nytte annan transport til skulen.

Opplæringsplikt for alle elevar

Alle elevar har krav på opplæring, og skulen skal sikre eit godt opplæringstilbod til alle elevar, uavhengig av om smittenivået er på grønt, gult eller raudt nivå.

Ta kontakt med oss på skulen dersom du har spørsmål

Til toppen