Informasjon til foreldre og føresette om Elevundersøkinga

Ølen vidaregåande skule har ansvaret for at foreldre og føresette til elevar under 18 år vert informert om gjennomføringa av Elevundersøkinga.

Kva er formålet med Elevundersøkinga?

Elevundersøkinga gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skolen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skolen,  skoleeigaren og dei statlege utdanningsmyndigheitene for å analysere og utvikle skole- og læringsmiljøet til elevane.

Resultat frå undersøkinga kan også bli brukt til forsking, statistikk og lagring i arkiv.

Utdanningsdirektoratet publiserer statistikk frå Elevundersøking på www.udir.no.

Korleis blir undersøkinga gjennomført?

Det er frivillig for elevane å svare på Elevundersøkinga. Elevane kan også hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på.

Behandlingsansvar og personvern

Når elevane svarer på spørsmål i Elevundersøkinga, blir det lagra personopplysningar om dei. Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for at alle personopplysningane blir behandla i tråd med personvernregelverket. Vår databehandlar Conexus driftar det tekniske i undersøkinga for Utdanningsdirektoratet, og dei må følgje same regelverk.

Elevane skriv ikkje namn, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Når eleven har svart på undersøkinga, blir koplinga mellom påloggingskoden/-lenka til eleven og det eleven har svart broten. Det er derfor vanskeleg å finne ut av kven som har svart kva i  undersøkinga. I nokre få tilfelle (eksempelvis ved små skolar), kan det likevel være ein risiko for at nokre kan kjenne att kven som har svart kva. Derfor har Utdanningsdirektoratet svært strenge reglar for å vise resultat frå undersøkinga til skolen, skoleeigaren og dei statlege utdanningsmyndigheitene. Resultat frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogleg å kjenne att
elevanes sine svar. Svara blir oppbevarte så lenge det er nødvendig.

I dei tilfella Utdanningsdirektoratet leverer ut svara til forsking, må forskarane følgje direktoratet sine reglar for behandling av data og teieplikt, og dei må skriv under på ei teieplikterklæring.

Rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar

Det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningar i Elevundersøkinga er personvernforordninga art. 6 nr. 1 bokstav e og art. 9 nr. 2 bokstav g, og det supplerande nasjonale rettslege grunnlaget er forskrift til opplæringslova § 2-3 og forskrift til
privatskolelova § 2-3.
Elevane kan ikkje krevje innsyn i, retting i eller sletting av svara, fordi svara ikkje kan knytast direkte til eleven.

Rettsleg grunnlag for forsking, statistikk og lagring i arkiv er personvernforordninga art. 6 nr. 1 bokstav e og art. 9 nr. 2 bokstav j. Personopplysningsloven §§ 8 og 9 er det supplerande nasjonale rettsgrunnlaget.

Informasjon på fleire språk

Her finn du utfyllande informasjon på fleire språk om føremålet med undersøkinga og korleis personopplysningane som vert samla inn, blir handsama.

Har du spørsmål?

For meir informasjon kan du ta kontakt med skolen eller Utdanningsdirektoratet.
Kontaktinformasjon til Utdanningsdirektoratet:
Telefon: +47 23 30 12 00
E-post: post@udir.no
Du finn også mykje informasjon på www.udir.no/undersokelser. Spørsmål om personvern kan rettast til Utdanningsdirektoratet sitt personvernombod på: personvernombud@udir.no
 

Datatilsynet er klageinstans for behandlinga av personopplysningar i Elevundersøkinga. Du finn meir informasjon på: https://www.datatilsynet.no/om-datatilsynet/kontakt-oss/klage-til-datatilsynet

 

Kontaktinformasjon til Utdanningsdirektoratet:

Postadresse: Postboks 9359 Grønland, 0135 OSLO

Telefon: +47 23 30 12 00                 

E-post: post@udir.no                                                               

Internett: www.udir.no