Gjeninnføring av fråværsreglane kring helserelatert fråvær

I koronaperioden har det vore mellombels unntak frå gjeldande fråværsreglar med omsyn til helserelatert fråvær.

Frå 1.august 2022  er desse unntaka oppheva og vanlege fråværsreglar gjeld

Det betyr:

  • Alt fråvær skal registrerast. (jamfør rundskriv Udir-3-2016)
  • 10% udokumentert fråvær i fag (eller meir), vil medføre at det ikkje vert gitt termin/standpunktkarakter i faget.
  • Sjukdomsrelatert fråvær etter 1.08.2022  dokumentert av lege eller anna sakkyndig (som td.  fysioterapeut, tannlege, psykolog, ført som D), vil  kome med på kompetansebevis/vitnemål, men  er unnateke frå fråværsgrensa på 10% i fag.

(I koronaperioden var erklæring frå føresette/ elevar sjølve over 18 år godkjent som dokumentasjon ved helsefråvær, det er det ikkjelenger.)

Udokumentert fråvær inntil 10% i fag, får altså ikkje følgjer for karakter i fag, så framt lærar elles har vurderingsgrunnlag  

Resterande fråværsreglar har vore gjeldande heile perioden, og gjeld  framleis, td.:

  • Nokre av køyretimane (obl. sikkerhetskurs på bane 4t, landevegskøyring 5t, underv. og køyring i variert trafikkmiljø 4t) er å sjå som unnateke fråværsgrensa på 10% i fag, med dokumentasjon frå køyreskulen. Men også dette  fråværet vil kome med på kompetansebevis/vitnemål. (Føre som D i VIS)
  • Godkjend søknad om velferdspermisjon er å sjå som unnateke fråværsgrensa på 10%, men vil kome med på kompetansebevis/vitnemål. (D)
  • Fråvær av skulegrunnar (som elevrådsmøte, etc), skal førast (R), men vil ikkje kome med på kompetansebevis/vitnemål .
  • Udokumentert fråvær blir ført med kode X i Visma (fråværet kjem med på dokumentasjon og vert rekna inn i 10% grensa i fag.)

Ein elev kan i slutten av skuleåret krevje at inntil 10 dagars fråvær ikkje skal førast på kompetansebevis/vitnemål  jamfør forskrift til opplæringslova §3-45, dersom det kan dokumenterast at fråværet gjeld:

  • Helse- og/eller velferdsgrunnar.
  • Arbeid som tillitsvald
  • Politisk arbeid
  • Lovpålagd oppmøte
  • Representasjon i arr. på nasjonalt/internasjonalt nivå

Medlemmer av andre trussamfunn kan krevja at inntil to dagar knytt opp til religiøs høgtid ikkje vert ført på kompetansebevis/vitnemål.

(Samanhengande fråvær av helsegrunnar kan strykast frå og med 4. fråværsdag. Ved fråvær grunna dokumentert kronisk sjukdom eller funksjonshemming, kan fråvær strykast frå første fråværsdag.)

Søknad/krav om å få fråvær fjerna/ikkje få ført fråvær på kompetansebevis/ vitnemål,  må leverast skriftleg til rektor i slutten av skuleåret, innan utgangen av mai månad. Den einskilde dagen ein vil ha sletta må vere datofesta og følgd av relevant dokumentasjon. Det er kun heile dagar som kan takast bort.

Ølen vgs, 16.08.2022

Ruth Sæle, rektor

Til toppen