Digitalt informasjonsmøte om russetiden

Rogaland fylkeskommune inviterer til digitalt informasjonsmøte om russetiden den 18. januar 2022 kl. 1800-1930.

Møtet blir streama slik at flest mogleg skal kunne ta del i møtet.

Følg og sjå møtet

Møtet vil bli strømmet og leda av fylkesopplæringssjef Eiliv Janssen Fougner.

Slik deltar du

Klikk på lenken Bli Med

Kort om møtet

Dei siste åra har russefeiringa endra seg. Fleire elevar melder om ein buss- og gjengkultur som verker ekskluderande og som gjer russetida utrygg. Rogaland fylkeskommune vil, som skuleeigar, vere ein heiagjeng for dykk foreldre, for at ditt barn skal ha ei best mogleg russetid i år eller seinare.

I møtet vil me ha med elevar, politiet, mobbeombudet, helsesjukepleiar og en rektor.

Aktuelle tema som vi ønsker å ta opp er blant annet:

  • Korleis opplever vi russefeiringa i dag?
  • Kva kan me og de gjere for å skape ei tryggare og meir inkluderande russefeiring?
  • Gode råd til russeforeldre
  • Kor finst det hjelparar om du er bekymra for din russ?

Velkommen til å følge arrangementet!

Til toppen