Bli med og snakk om det!

Snakk om sjølvmordstankar - det kan redde liv. I desember startar ein ny folkeopplysningskampanje kor målet er å forebygge sjølvmord.

 

Rogaland fylkeskommune er med i kampanjen som minner oss om at det å spørje om sjølvmordstankar kan redde liv. Og at det er hjelp å få.

Det er Helse Vest som står bak kampanjen. I kampanjeperioden blir bodskapet «Snakk om sjølvmordstankar - det kan redde liv» presentert på utandørsplakatar i bybildet og nettbanner i mange medium. Korte filmar om temaet blir delt i sosiale medium. Skodespelar Kristoffer Joner, tidlegare fotballproff Erik Thorstvedt, basketstjerna Marco Elsafadi, bergensrapparen Myra og skodespelar Aleksandra Gjerpen frontar kampanjen. 

Viktig å spreie bodskapet

– Sjølvmord er eit stort samfunnsproblem som rammar den enkelte og familie og venner hardt og brutalt. Derfor er det så viktig å spreie bodskapet om at det er hjelp å få, og at det å snakke om sjølvmordstankar kan redde liv. Ofte trur vi at vi set idear i hovudet på nokon viss vi bringar temaet på bane. Men det er faktisk motsett, seier fylkesordførar Marianne Chesak. 


Ho har vist eit stort engasjement for temaet gjennom fleire år, og er glad for at Rogaland nå får sin eigen handlingsplan. 

Handlingsplanen inneheld tiltak som skal fremje psykisk helse og førebygge sjølvmord blant elevar, lærlingar og tilsette. Planen har også tiltak for korleis vi kan støtte opp om førebyggande arbeid i kommunane retta mot heile befolkninga.

Korleis skal du snakke om det?

Det er mange som på ulike måtar strever i livet sitt. Erfaring viser at folk flest er redde for å spørje den dei er bekymra for om dei har sjølvmordstankar. Veit du kva teikn du skal sjå etter?

Helse Vest har laga ei nettside med tips og råd, kva du skal sjå etter, korleis du kan ta den vanskelege samtalen med ein du er bekymra for og kor du kan få hjelp.​ Her er også informasjon til pårørande​ og ei eiga side for fastlegar, kommunar​ og skular.

Helse Vest sin nettside med tips og råd

Klikk for stort bilde

 

 

 

 

 

Sjølvmord eit stort folkehelseproblem

I Norge døyr cirka 600 menneske av sjølvmord kvart år. Det er nesten fem gonger så mange som i trafikken. I tillegg blir det antatt at mellom 3 500 og 7 500 personar årleg forsøker å ta sitt eige liv. Tala er stabile over tid og det er ingen større regionale skilnadar. Men trass i det store omfanget, blir det ikkje snakka om, og sjølvmordet kjem ofte overraskande på dei rundt.

– Vi må våge å bry oss og tørre å spørje om sjølvmordstankar. Å spørje har ein beskyttande effekt, seier fylkesordføraren.

Handlingsplan og kampanje mot sjølvmord  

  • Rogaland fylkeskommune sin handlingsplan for sjølvmordsforebygging «Våg å bry deg» skal til behandling i fylkestinget 8. og 9. desember. I 2017 vedtok fylkestinget ein nullvisjon mot sjølvmord.
  • I Regjeringa sin nye handlingsplan for førebygging av sjølvmord, skal ein nullvisjon bidra til at sjølvmordsførebygging blir prioritert høgare.
  • Folkeopplysningskampanjen som skal førebygge sjølvmord blir i hovudsak å sjå i veke 50, 51 og i veke 2.
Til toppen