Allmøte for russen

Fylkesordføraren inviterer all russ til eit digitalt møte den 7. april kl 15-16.
 

På møtet vil mellom anna smittevernlegar og politi delta, i tillegg til direktør for opplæring i Rogaland, leiar for opplæringsutvalet og Fylkesordførar.

Møtet er ope for all russ i heile Rogaland, og føresette som vil følge møtet har og høve til det.

Møtet vert strøyma via Teams-direktesending, og ein vil få høve til å stille spørsmål i "chatten" som ein vil prøve å få besvart i løpet av arrangementet.

Sjå direktesendinga

Til toppen